eikerapen gjestegaard

Eikerapen gjestegard

Thora Amalie`s restaurant finn du på hotellet i Eikerapen. Restauranten har a la carte meny og flott utsikt over Øre nede i dalen. Kjøkkensjefen er opptatt av lokale mattradisjonar og lokal matkunst, noko ein ser att i menytilbodet. Buffet kvar sundag kl.13-1700.

eikerapen-gjestegaard.no

Ljosland Fjellstove comp

Ljosland Fjellstove

Restauranten på Ljosland Fjellstove har à la carte meny med heimelaga mat. Sundager er det alltid vilt på menyen. Dei serverer eigenkomponerte pizzaer som du kan ete der eller ta med heim, steikt eller usteikt. Ljosland Fjellstove ligg på Ljosland, på venstre side rett etter innkøyringa til Ljosland kapell.

fjellstova.com

gluggenkafe1

Gluggen kafé

Ein sjarmerande liten kafé midt inne på heia. Her får du servert heimelaga kake, nysteikte vaflar, kaffi og kakao. Kaféen har veldig avgrensa opningstider, og er eit tilbod til skituristar på Bortelid. Gluggen kafé finn du når du er på skitur rundt Gluggvardenløypa på Bortelid. Løypa er laga slik at du kan gå inn frå den eine kanten og ut i den andre, så du slepp å gå fram og tilbake i same spor. 
Skjekk facebook for opningstider

minne_comp

Minne kultursenter

På Minne er det enkel servering i opningstida. Her kan du få mineralvatn, kaffi og te, kuleis og cookies. 
På somaren får du kjøpt kompe og rjomegraut kvar dag.

Minne kultursenter på facebook