LOVFESTA RETT TIL BARNEHAGEPLASS

Lovfesta rett til plass gjeld kun i hovudopptaket, og da må du søkje om plass seinast 1. mars.

 

KVEN HAR LOVFESTA RETT TIL PLASS?

Barn utan barnehageplass som fyljer eit år seinast i november har lovfesta rett til plass i hovudopptaket dersom dei søkjer om plass seinast 1. mars. Barn som er fødd etter dette har ikkje lovfesta rett til barnehageplass før i neste hovudopptaket, men kan søkje om plass i suppleringsopptak

 

KOR HAR DU RETT TIL Å FÅ BARNEHAGEPLASS?

Barnet har lovfestet rett til plass i kommunen barnet bur i. 

SAMARBEID MELLOM HEIM OG BARNEHAGE

God dialog mellom barnehage og heim er viktig. Barnehagen skal legge til rette for at føresette får moglegheit til å påverke tilbodet.

 

FORELDREMØTER

For alle foreldra i barnehagen. 

 

FORELDRESAMTALAR

Ein samtale mellom foreldre og barnehagens personale der man talar om barnets trivsel, utvikling og aktivitetar i barnehagen. Samtalen er individuell og skal haldast minst to gonger i året i kommunale barnehager.

 

FORELDRERÅDET

Sett saman av alle foreldra i barnehagen, jmf. Lov om barnehager § 4. I mange barnehager velgjer ein representantar til eit arbeidsutvalg for foreldrerådet (FAU).

 

SAMARBEIDSUTVALET (SU)

Sett saman av foreldre og tilsette i barnehagen, jmf. Lov om barnehager § 4. Barnehagens eigar deltek også. Det er eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Samarbeidsutvalet fastset årsplanen, og drøfter barnehagens innhald og prioriteringar.

 

VIL DU VITE MEIR?

SAMARBEID MED FORELDRE SOM IKKJE BUR SAMEN

Det kan i enkelte tilfeller vere vanskeleg for dei tilsette i barnehagene å vite korleis dei skal forhalde seg til foreldra som ikkje bur samen. Aktuelle foreldre må fylje ut skjemaet ”Foreldre som ikkje bur samen”. Det vil gje barnehagen ein oversikt over kva avtaler foreldra har.

Barnehagen skal gje barn under skulealder gode utviklings- og aktivitetsmogelegheitar i nær forståing og samarbeid med barnas heim. Det er foreldra som har ansvar for barnas oppdragelse. Barnehagen må vise respekt for ulike familieformer.

 

KVA ER FORELDREANSVAR?

Foreldreansvar er den rett og plikt foreldra har til å bestemme for barnet i personlige forhald.

Personlege forhald vil sei sakar som for eksempel:

  • Oppdragelse av barnet
  • Kor skal barnet bu
  • Namnespørsmål
  • Innmelding og utmelding av trussamfunn – foreningar
  • Pass
  • Medisinske inngrep
  • Val av type barnehage (dersom det f.eks er livssynsbarnehagar)

 

KORLEIS OPPTRER BARNEHAGEN MED FORSKJELLIGE TYPE FORELDREANSVAR?

FELLES FORELDREANSVAR

Foreldre som er gift/sambuande når barnet blir fødd, har automatisk felles foreldreansvar. Dersom dei flytter frå kvarandre, vil begge føresette ha foreldreansvar dersom dei ikkje avtalar at ein av dei skal ha foreldreansvaret aleine. Ein slik avtale må vere sendt til Folkeregisteret for å vere gyldig. Dersom foreldrene ikkje blir enig om dette, kan dei be domstolen om å avgjere spørsmåla.

Foreldre som ikkje bur samen når barnet blir fødd, kan avtale at dei skal ha felles foreldreansvar og sende melding om dette til Folkeregisteret. Dette gjeld også foreldre som pga tidligare regelverk ikkje har felles foreldreansvar. 
Omskrives - Reglar i lov eller forskrift som gjeld for far, gjeld på same måte for medmor. Som medmor til barnet regnast mors kvinnelege ektefelle eller samboer. Dersom medmorskapet følgjer av ekteskap, vedgåelse eller dom. Eit barn kan ikkje ha både ein far og ei medmor.

KONSEKVENSER FOR BARNEHAGEN NÅR FORELDRE HAR FELLES FORELDREANSVAR

  • Begge foreldre har same rett til å delta på foreldremøtar
  • Begge foreldre har same rett til å ha foreldresamtalar
  • Begge foreldrene er valbare til samarbeidsutval ol.
  • Begge foreldre skal inviterast til arrangementer og tilstelninger
  • Begge foreldre har rett til same opplysningar frå barnehagen
  • Begge foreldre har rett til opplysningar om barnet og barnets forhald i barnehagen, men ikkje opplysningar om den andre forelderen eller barnets heimesituasjon
  • Samtykke frå begge foreldre ved henvisning til PPT.

 

FORELDREANSVAR ALEINE

Det er ikkje ofte at den eine av foreldra har foreldreansvar alene. Det kan f.eks. vere at foreldra ikkje var gift eller sambuande når barnet blei fødd (og foreldra ikkje inngjekk ein avtale om felles foreldreansvar).
Den eine parten kan også ha foreldreansvar aleine etter ei skilsmisse dersom foreldra har gjort ein avtale om det. I enkelte tilfellar føreligg det ein rettsleg avgjering på at berre den eine forelderen skal ha foreldreansvar.

KONSEKVENSER FOR BARNEHAGEN NÅR BARE DEN EINE FORELDEREN HAR FORELDREANSVARET

  • Den som har foreldreansvar aleine skal gje den andre opplysningar om barnet når vedkommende ber om det.
  • Den som ikkje har foreldreansvar har rett til opplysningar om barnet og barnets forhald i barnehagen, men ikkje opplysningar om den andre forelderen eller barnets heimesituasjon.
    Bestemmelsen gjeld også om vedkommande ikkje har samversrett.
  • Barnehagen kan nekte å gi opplysningar dersom det kan vere til skade for barnet. Uttrykket dekkar ikkje bare dei situasjoner der opplysningane kan tenkas brukt direkte mot barnet. Det dekker også situasjonar der opplysningane kan tenkast brukt mot den som har foreldreansvar, der dette i neste omgang kan vere til skade for barnets situasjon. Ein slik nektelse kan påklagast til fylkesmannen. Ein nektelse bør grunngjevast skriftleg p.g.a. klageadgong.
  • Den som ikkje har foreldreansvar kan delta på foreldremøter dersom den andre forelderen gir sitt samtykke til det.
  • I heilt spesielle tilfeller kan fylkesmannen bestemme at den som ikkie har foreldreansvar skal miste retten til opplysningar om barnet. Dette kan skje dersom opplysningsretten er misbrukt, eller dersom foreldra har meget store konfliktar.

 

NY SAMBUAR/EKTEFELLE

  • Ny sambuar/ektefelle til den som har del i foreldreansvaret har ikkje krav på å delta i felles foreldresamtale/møter når den andre som har del i foreldreansvaret ikkje godtek dette. Dette betyr at dersom to foreldre med felles foreldreansvar begge ønskjer å møte på det same foreldremøtet, må det leggast til grunn at kvar av dei kan motsette seg at det også møter ein tredjeperson.
  • Ny sambuar/ektefelle ev. andre kan delta i foreldresamtale/møte dersom det berre er den eine forelderen som skal ha samtale og vedkommende gjev samtykke til at ny sambuar/ektefelle kan delta på møtet.

 

FOSTERFORELDRE

Dersom barnevernet har plassert barnet hos fosterforeldre, er det desse som utøver den daglige omsorg i foreldras stad. Dette vil seie at barnehagen må ansjåast å ha ein melde- og opplysningsplikt til fosterforeldrene. Det er berre opplysninger om barnet som skal gis.
Dei biologiske foreldra som sit att med ”rest-foreldreansvar”, må ansjåast å ha rett til opplysninger frå barnehagen når dei ber om det. Men her gjeld dei same begrensningane som nemnt ovanfor med hensyn til om opplysningane kan vere ”til skade for barnet”. Foreldre som er fråteke foreldreansvar i medhald av bvtj.§4-20 kan ikkje krevje opplysninger.

 

RETTIGHEITER TIL DEN BARNET BUR FAST HOS

Den av foreldra som barnet bur fast hos har alltid foreldreansvar og har:

  • Bestemmelsesrett i spørsmål som gjeld den direkte daglege omsorgen for barnet, som klede, mat, sengetid, innetid etc.
  • Bestemmer om barnet skal gå i barnehage.
  • Kan flytte med barnet til ein annan stad i landet. 

KONSEKVENSER FOR BARNEHAGEN

  • Barnehagen forheld seg til den som barnet bur fast hos i forhold til avgjersler i kvardagen som til dømes niste, utstyr, turer.
  • Det er den som barnet bur fast hos som kan bestemme kven som kan hente og bringe i barnehagen.
  • Dersom hentetida er innanfor samværstida kan samværsberettigede hente –ev. kan vedkommande bestemme at ny sambuar, bestemor etc. kan hente.
  • Dersom det føreligg ein dom eller eit vedtak frå fylkesmannen som seier at samværsberettigede skal hente barnet i barnehagen til fastsette tider, må barnehagen likevel kunne utlevere barnet sjølv om den barnet bur fast hos gir ein annan beskjed. Dette føretset at dommen eller vedtaket dokumenterast overfor barnehagen.
  • Barnehagen kan ikkje påleggast å oppfylle eventuelle samværsavtalar når avtalen om samvær ikkje er innanfor hentetid. Det er foreldra som er forplikta til å oppfylle avtalen. Samværsberettigede kan ikkje få utøve samvær i barnehagen dersom dette ikkje er avtalt med barnehagen og den andre forelderen.

 

DELT FAST BUSTAD

  • Delt fast bustad betyr at barnet har fast bustad hos begge foreldra (i motsetning til når barnet har fast bustad hos den eine forelderen, men samvær med den andre).
  • Delt fast bustad inneber ikkje nødvendigvis at barnet bur like mykje hos kvar, men at foreldra har samme avgjørelsesmyndigheit. Foreldra kan avtale delt fast bustad. I særlige tilfeller kan også domstolen idømme delt fast bustad mot den eine eller begge foreldras vilje.

KONSEKVENSER FOR BARNEHAGEN

Ved delt fast busaed må barnehagen forhalde seg til begge foreldra når det gjeld informasjon, henting/bringing, praktiske avtaler i forhold til klede, utstyr, turer, samtaler etc.

 

SAMVÆRSRETT

Barnelova gjev barn rett til samvær med begge foreldra, også når foreldra ikkje bur saman. Foreldra kan fritt avtale kva slags samværsordning dei ønskjer å ha. Utgangspunktet er at samværet skal skje ut fra kva som vil vere best for barnet.
Begge foreldra har ansvar for at samværsretten blir oppfylt.

KONSEKVENSER FOR BARNEHAGEN

Det er foreldra som har ansvar for at samværsretten blir oppfylt – herunder organisere samværsretten.
Samværsretten kan ha konsekvensar for barnehagen dersom det er avtalt at den som har samvær skal hente barnet i barnehagen. I slike tilfeller bør barnehagen ha skriftlig dokumentasjon frå foreldra.

 

ANNA

SAMTYKKE TIL HELSEHJELP

Hovudregelen er at begge foreldre med foreldreansvar skal samtykke til helsehjelp til barn.
Det er imidlertid tilstrekkelig at ein av foreldra samtykker til helsehjelp som:

  • regnes som ledd i den daglege og ordinære omsorgen for barnet, til dømes handsame  øyreverk, halsbetennelse, influensa, skrubbsår osv. Denne type helsehjelp kan besluttes av den forelder som til einkvar tid er saman med barnet
  • kvalifisert helsepersonell meiner er naudsynt for at barnet ikkje skal ta skade. Denne type helsehjelp kan besluttast av forelder med foreldreansvar, og gjeld tilfeller kor foreldra ikkje blir einige, eller kor det ikkje er mogeleg å få avklart kva begge foreldra meiner. Før helsehjelp vert gjeve etter dette punkt, skal begge foreldrs med foreldreansvar få seie sin meining, dersom mogeleg.

Det er foreldra sitt ansvar å sørge for at barnet få helsehjelp, ikkje barnehagen sitt ansvar. Dersom barnet imidlertid trenger akutt helsehjelp mens det befinn seg i barnehagen, må barnehagen sørge for at barnet får dette. Dersom det er tid til det, skal barnehagen kontakte foreldra fyrst.

 

VARSLING VED FLYTTING

Begge foreldra har varslingsplikt ved flytting. Dette gjeld både bustadsforelder og samværsforelder. Varslinga inneber at den forelderen som skal flytte, seinast 6 veker før flyttingen skal varsle den andre forelderen, slik at foreldra har tid og mogelegheit til å komme fram til den beste omsorgsløysinga for barnet før flytting gjennomførast.

 

HENVENDINGAR FRÅ ADVOKATAR

Erfaringane er at mange advokatar henvender seg pr telefon til barnehagen for å få opplysningar i samband med barnefordelingssaker. Det er viktig at barnehagen gjev dei beskjed om at dei må sende ei skriftlig henvending. Det bør ikkje gjevast opplysningar pr telefon – heller ikke til advokat.
Når det vert gitt opplysningar, bør dette kun vere faktaopplysningar, ikkje vurderingar. Dei barnehagetilsette har teieplikt, noko som inneber at dei kun kan gi informasjon til forelderen/forelderen sin advokat om barnet og barnet sitt forhold i barnehagen, ikkje informasjon om den andre forelderen eller heimeforhold hos denne.

 

BARNEHAGETILSETTE SOM VITNE I RETTSAKER

Dersom ein tilsett i barnehagen blir stevna som vitne i ein rettssak, er den tilsette pliktig til å stille som vitne i retten. Den tilsette er då ikkje pliktig til å gi vurderingar, kun faktaopplysninger.

I utgangspunktet er den tilsette bundet av teieplikta også i forhold til vitnemål i retten. Dersom den som har krav på taushet ikkje har gjeve samtykke til at den tilsette kan gi teiepliktige opplysningar i retten, er det fylkesmannen som har mynde til å oppheve teieplikta. I sivile saker, til dømes barnefordelingssaker, vil det vere advokaten som ønskjer å føre den barnehagetilsette som vitne, som har ansvaret for å søkje fylkesmannen om å oppheve teieplikta. I straffesaker vil det vere påtalemyndigheiten som har ansvar for å søkje fylkesmannen om fritak frå teieplikta.

I ein del saker henvender ein forelder/forelderens advokat seg til tilsette i barnehagen og ber vedkommande stille frivillig som vitne i til dømes barnefordelingssak, dvs. utan vitnestemning. Den tilsette bør avslå dette. Dersom den tilsette stiller frivillig som vitne for den eine parten i retten, vil det kunne oppfattes som at den tilsette/barnehagen har ”tatt parti” for denne parten. Dette vil vere svært uheldig. Det er viktig at barnehagen og dei tilsette er tydelege på at dei ikkje veler side i konflikten. Barnehagen skal være en konfliktfri sone.

OM BARNEHAGETILBODET - KVALITET OG INNHALD

Barnehagen er eit pedagogisk tilbod for barn i førskulealder. Den skal i samarbeid og forståing med heimen ivaretake barnet sitt behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som gir grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen er den fyrste delen av utdanningsløpet, og bidreg til å gi barn grunnleggjande ferdigheiter til skulestart.

Det skal takas hensyn til barna sin alder, funksjonsnivå, kjønn, samt sosiale, etniske og kulturelle bakgrunn. Alle barnehager skal følgje barnehagelova og den nasjonale rammeplanen for kvalitet og innhald.

Det stilles krav til pedagogisk kompetanse.

Det vert gjennomført tilsyn av barnehagen for å sikre kvalitet og innhald.

Med utgangspunkt i rammeplanen lagar barnehagen ein årsplan. I årsplanen kan du lese om korleis barnehagen arbeider med omsorg, leik og læring i samarbeid med barna sine heimar.

Barnehagen er eit pedagogisk tilbod for barn i førskulealder. Den skal i samarbeid og forståing med heimen ivaretake barnet sitt behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som gjev grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen er den fyrste delen av utdanningsløpet, og bidreeg til å gi barn grunnleggjande ferdigheiter til skulestart.

Det skal takast hensyn til barna sin alder, funksjonsnivå, kjønn, samt sosiale, etniske og kulturelle bakgrunn. Barnehagen skal følgje barnehagelova og den nasjonale rammeplanen for kvalitet og innhald.

Det stilles krav til pedagogisk kompetanse.

Det vert gjennomført tilsyn av barnehagen for å sikre kvalitet og innhald.

Med utgangspunkt i rammeplanen lagar barnehagen ein årsplan. I årsplanen kan du lese om korleis barnehagen arbeider med omsorg, leik og læring i samarbeid med barna sine heimar.

TRANSPORT AV BARNEHAGEBARN

TRANSPORT AV BARN MED VANLIG TAXI – MELLOM STØRRELSE (5 – 8 SETER).

Her er 3 punkts selar installert. Barna festast med trepunktsselar og bilsete i samsvar med barna si vekt. Barnehagen må ha med eigne barneseter i taxiane.

 

TRANSPORT AV BARN MED MAXI-TAXI /BUSS (OVER 8 SETER)

I noen kommuner er det maxi-taxier med 16 seter og 11 seter. Desse har trepunktsselar på alle seter. Barna festast med trepunktsselar og bilsete, eventuelt pute i samsvar til barna si vekt.

 

TRANSPORT AV BARN I BIL

Det er opp til barnehagen å vele å bruke private bilar til transport av barnehagebarn. Det er sjåførens ansvar å sikre barna forskriftsmessig.
Dersom tilsette skal bruke eigne bilar, skal det vere frivillig, då det er eit stort ansvar å påta seg.

Sjåfør i barnehagens regi pliktar å overhalde fartsgrenser, kjøre rusfritt og ikkje nytte mobiltelefon under transport.

Pute må aldri brukast saman med topunktsbelte, det er farlig og forbode.

 

RUTINE FOR TRANSPORT AV BARNEHAGEBARN

  • Personalet innhentar skriftlig tillating frå foreldra om at barnehagen kan ta med deira barn i taxi, buss og/eller privatbil, under føresetnad av at barnet er forskriftsmessig
    sikra og at bilen er i forskriftsmessig stand.
  • Tillatinga skal innhentast når barnet byrjer i barnehagen og denne skal oppbevares i det einskilde barns mappe.
  • Einingsleiar/pedagogisk leiar lagar ein oversikt over kven som har reservert seg, og informerar resten av personalet på avdelingen.
  • Dersom foreldra reserverar seg på eit av punkta, gjer ein følgjande:
    1. Vurdere alternative transportmiddel.
    2. Spør foreldra om dei har mogelegheit til å køyre sjølv.
    3. Undersøkje om det er andre avdelingar som kan passe barnet mens avdelinga er på tur.
    4. Dersom ingenting av dette er mogeleg, må avdelinga sørgje for at barnet får eit anna, godt tilbod. 

 

LOVER OG REGLER KNYTTET TIL TRANSPORT AV BARN

SIKRING AV BARN I BIL

  • Det er påbode å sikre barn i bil.

  • Barn som er under 135 cm høge skal alltid nytte godkjent barnesikringsutstyr som er rett i forhold til barnet si vekt.

  • Reglane gjeld for barn under 36 kilo, etter dette skal både barn og vaksne sikrast med bilbeltet.

  • Barn skal ikkje transporterast i bakovervendt barnestol i framsete der det er airbag.

 

SIKRING AV BARN I BUSS

  • For buss med unntak av Taxus, jf. Kjøretøyforskriften 2-2 og 8-1, gjelder 
    1. bilbelte og anna utstyr til sikring av personar skal nyttast av sittande
    2. barn yngre enn 3 år skal i buss bruke godkjend sikringsutstyr som er tilpassa barnet.
    3. barn som er 3 år eller eldre skal bruke ordinært bilbelte på eigna måte.
  • Forskriften skill ikkje mellom trepunkts og topunktsbelter. Det betyr at det er lovleg å la barn under 3 år sitje sikret kun med hoftebelte, men dette er ikke å anbefale.