Kven kan få ein slik bustad?

Ein omsorgsbustad er ikkje ei lovpålagt teneste, men kommunen kan likevel tilby denne buformen som ein del av helse- og omsorgstenestelova og pasient- og brukarrettighetslova.

Det er inntaksnemda i kommunen som handsamar søknad og fattar vedtak.

 

Ein slik bustad ligg ganske høgt i omsorgstrappa i kommunen og tenester på lågare nivå skal som hovudregel ha vore forsøkt før ein får tildelt ein omsorgsbustad.

Det er ei individuell/heilskapleg vurdering som ligg til grunn for tildeling. Ein vurderer blant anna helsetilstand (fysisk og psykisk helse) og evne til eigenomsorg.

Sosial nettverk/behov kan vere eit kriteria. Ein må ha eit visst varig hjelpe- omsorgsbehov. Det skal ikkje vere behov for døgnkontinuerleg tilsyn, men tidfesta behov for hjelp.

Ein kan tildele omsorgsbustad for kortare periode, til dømes vinteropphald.

Kva kostar det?

Opphaldet blir regulert gjennom husleigekontrakt jmf husleigelova.

Oversikt over prisar finn du i kommunens gebyrregulativ/prisliste.