Kven får plass?

Tildeling skjer ut frå søknad, helseopplysningar og vurdering av individuelle behov.

Før tildeling eller plass på venteliste blir det innhenta:

  • opplysingar frå pasient/brukar og frå pårørande/verje
  • opplysingar frå heimetenesta dersom søkjar mottar heimetenester
  • dokumentert kartlegging inkludert oppdatert IPLOS-registrering
  • medisinske opplysingar frå fastlege eller frå spesialisthelsetenesta

 

Det er inntaksnemda i kommunen som handsamar søknaden og fattar vedtak, og det er Forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad i Åseral kommune som ligg til grunn.

 

Ektefelle/sambuar til ein person som får eller har fått langtidsopphald, kan etter søknad få bu saman med ektefelle/sambuar dersom dette let seg gjennomføre i praksis.

Slik søker du om plass

Du kan søke via dette skjemaet:

Søknad om tenester.pdf

 

Kva kostar det?

Betaling for langtidsopphald er regulert i Forskrift om egenandel for kommunale helse og omsorgstjenester.

Kor mykje du skal betale avhenger av din økonomi, og det vil bli innhenta naudsynte inntektsopplysingar for å gjere ei slik berekning.