Formannskapet har vedteke eit midlertidig regelverk for tilskott til næringslivet som skal gjelda fram til dei statlege midlane er disponert. Tilskottssatsane er auka og ein kan òg få støtte til forprosjekt og marknadsføring. Støttesatsen blir avgjort frå sak til sak. Moglegheit for anna offentleg støtte, og i kva grad søkjaren er råka av koronapandemien, kan mellom anna leggast til grunn for vurderinga.

Kommunen er pålagd å forvalte dei statlege midlane gjennom ordninga www.regionalforvaltning.no og verksemdene vil difor måtte sende inn to søknader om støtte, ein søknad på vanleg måte og ein gjennom regional forvaltning. For å søke gjennom regionalforvaltning.no må ein registrera seg som søkjar og oppretta personleg passord. Den kommunale ordninga er kalla Åseral – Covid 19.

For støtte som er motteken gjennom regionalforvaltning.no må ein òg be om utbetaling m.v. gjennom ordninga.

Samstundes med vedtak av nytt midlertidig regelverk, blei det og vedtatt at fristen for å søkja om tilskott i haust blir sett til 1. november. Deretter blir det dei vanlege søknadsfristane 15. mars og 15. september.

Mellombels regelverket for støtte finn du her