Åseral kommune er no ein av berre 38 kommunar i landet som så langt ikkje har registrert noko smitte. Den siste tida har smitta breia om seg i nabokommunane. Lyngdal som me grensar til i sør har dei siste dagane meldt at dei ikkje har kontroll på smittespeiinga og har difor frå og med i dag innført strenge tiltak som stenging av skular, fritidsklubbar, treningssenter med meir. Målet er at me skal unngå slike tiltak i Åseral.

Innbyggarane i Åseral skal ha ros for korleis dei har handtert pandemien så langt, dette er hovudårsaka til at me framleis har unngått smitte. Pandemien er diverre ikkje over endå og nye smitteverntiltak vil sannsynlegvis kome frå regjeringa i framtida. Målet no er at me skal kunne få ei så normal jolefeiring som det let seg gjere. Kriseleiinga vil difor halde fram med å oppmode folk til å følgje smittevernreglar og tilrådingar som kjem.

Kriseleiinga i Åseral kommune
17. november 2020

Gjeldande smittevernreglar for kommunale bygg:
Smittevernreglar_ved_bruk_av_grendehus_i_Aseral-revidert_5-_november_2020 (1).pdf
Smittevernreglar_ved_bruk_av_fleirbrukshall_til_moter-revidert_5-_november_2020 (2).pdf
Smittevernreglar_ved_bruk_av_Minne_kultursenter-revidert_5-_november_2020.pdf
Smittevernreglar_i_samband_med_bruk_av_lille_gymsal_-_kino-revidert_5_november_2020 (2).pdf
Smittevernreglar_ved_trening_i_fleirbrukshall-revidert_5_november_2020.pdf
Smittevernreglar_for_treningssenter-revidert_5_november_2020.pdf
Smittevernreglar_ved_fredagsbading-revidert_5-_november_2020.pdf

Smittevernplakat november medium