Det er viktig at så mange som mogleg blir vaksinert for at me skal få kontroll på denne pandemien som har rast i 1 ½ år. Fram til nyleg har problemet å få tak i vaksine til alle, men dette har no endra seg. Fram til no har 88% av befolkninga i denne aldersgruppa fått 1 eller begge dosene av vaksinen. Kommunen har prøvd å kome i kontakt med alle i denne aldersgruppa, men nokon har framleis ikkje svart på henvendinga.  Andra har igjen takka nei til vaksine og nokon har svart at dei vil ta den seinare. Dersom du skal vere sikra vaksine er tida no. Kommunen har fleire doser liggande og vil avslutte denne vaksinerunden laurdag 18. september med vaksinering frå klokka 11:00. Ta kontakt med legekontoret på telefon 38 28 59 00 så snart som mogleg for å avtale tidspunkt. Det er ingen garanti for vaksinering ved eit seinare tidspunkt då fast leveranse til kommune no opphøyre. Det er og mogleg å få vaksine i morgon onsdag 1. september dersom du tek kontakt med legekontoret så snart som mogleg.

Åseral kommune har berre nytta BioNTech, Pfizer sin vaksine Comirnaty. Dette er rekna som ein sikker vaksine i kategorien mRNA som ikkje inneheld noko virus.

Dersom du får tilbod om vaksinering andre stader før laurdag 18. september tilrå me at du tek i mot dette.