I Åseral vil alpinbakkane vere stengde, skiløypene vert ikkje  køyrd opp, og overnatting på hyttene er framleis ikkje tillate.

På grunn av den spesielle situasjonen vi nå er i, har ikkje helsetenesten i Åseral kapasitet til å ta hand om hyttebebuarane i tillegg til eigne innbyggjarar.

Vårt tenestetilbod er i utgangspunktet dimensjonert etter innbyggjertalet.

Vidare oppmoda dei statlege direktiva oss til å unngå fritidsreiser som ikkje er strengt naudsynte.
Derfor oppfordrar vi eigne innbyggjarar til å reise til andre kommuner i så liten grad som mogeleg.

I Regjeringa si oppmodinga til å unngå fritidsreiser ligg det òg at det ikkje er ønskjeleg med turistar som overnattingsgjester i kommunen, uavhengig av om dette gjeld hytter eller andre overnattingsstader.

Kommunene har ikkje adgang til å gje dispensasjon frå dei tiltak som er fatta av Regjering og Storting.