- Arbeidsgjevaravgifta vert senka med 4 prosentpoeng i to månader
- Nav, kommunar og helsevesenet skal bli økonomisk kompenserte for ekstrakostnadar som følgje av pandemien
- Regjeringa kjem tilbake med ei midlertidig ordning gjennom Lånekassen for studentar som opplever å miste inntekter som følgje av korona-pandemien så raskt som mogleg.
- Regjeringa skal komme tilbake med forslag som kan sikre reduserte takstar på riksvegsferjer for ein avgrensa periode.
- Nettundervisning frå vaksenopplæring, universitet, høgskular og fagskular skal bli gjort tilgjengeleg.
- Det vert etablert ei kompensasjonsordning for bortfall av inntekter med 300 millionar til kultursektoren og 600 millionar til idretten og den frivillige innsatsen.
- Regjeringa verdt bedt om å sikre at forskyving av inntekt, og dermed midlertidig inntektsauke, som følgje av dei midlertidige korona-tiltaka ikkje går til frådrag i bustøtta, og å umiddelbart fremje eventuelle forslag som er nødvendig for å sikre det. Bustønad som er utbetalt i påvente av seinare yting, må og bli avgrensa mot seinare utbetalingar.
- Stortinget er villig til å bruke 40 millionar kroner i månaden for å sikre dei såkalla FOT-rutene, som hovudsakleg består av Widerøe sine flygingar.
Nye tiltak frå Stortinget
Stortinget blei i dag samde om nye tiltak som skal hjelpe landet gjennom koronakrisa.
Desse punkta har partia blitt samde om: