Her kan du lese meir utfyllande om endringane: Regjeringen.no
Covid-19 forskrifta er og endra. Les meir om dette på: Lovdata

Frå 12. oktober vart det igjen opna for trening i treningssenteret samt at det blir mogleg å gjennomføre fredagsbadinga, begge i regi av Åseral idrettslag. For å finne ut meir om dette må du gå inn på idrettslaget sine heimesider.

Åseral kommune har framleis ikkje registrert noko smitte sjølv om det den siste tida er ei auke i smitte på nasjonalt nivå. Dette betyr at me framleis må vere forsiktige og halde fram med:

  • Halde minimum 1 meters avstand
  • God handhygiene
  • Hold deg heime frå jobb om du ikkje føler deg vel

 

Følgande smittevernreglar i kommunale bygg er gjeldande i Åseral:

Smittevernreglar for treningssenter-revidert 7.oktober 2020.pdf

Smittevernreglar i samband med bruk av lille gymsal-kino revidert 7. oktober 2020.pdf

Smittevernreglar ved bruk av fleirbrukshall til moter revidert 7.oktober 2020.pdf

Smittevernreglar ved bruk av grendehus i Åseral-revidert 28 oktober 2020

Smittevernreglar ved bruk av Minne kultursenter revidert 7. oktober 2020.pdf

Smittevernreglar ved fredagsbading-revidert 7.oktober 2020.pdf

Smittevernreglar ved trening i fleirbrukshall revidert 7.oktober 2020.pdf

For private arrangement er det for tida max 50 personar som er gjeldande alle stader. 

Me minnar om at du må melde frå om du er i karantene!
Ha klart følgjande informasjon:
- Namn
- Alder
- Kjønn
- Telefonnummer
- Når gjeld karantene frå?
- Dersom du har vore på reise, kor har du vore?
- Har du symptom?

Bakgrunnen for at vi ønskjer denne informasjonen, er for å kartlegge behovet for naudsynte helsetiltak framover i tid. Opplysningane blir sletta etter ein månad.


Kontaktinformasjon for varsling av karantene
Vi ønskjer fortrinnsvis beskjed på e-post, men er og tilgjengeleg på telefon.
E-post:  anne.siv.lauen@aseral.kommune.no
Telefon (i tida 09:00 – 14:00): 38 28 59 00