Overnatting på hytta

Frå 20. april vert det nasjonale forbodet om overnatting på fritidsbustadar oppheva, og det er ikkje lenger forbod mot å opphalde seg på hytta i Åseral kommune, men vi oppmodar alle til å vise omsyn.

Det er viktig å presisere at styresmaktene framleis frårår unødige fritidsreiser for å unngå smittespreiing samt ekstra belastning på lokalt helsevesen og annan infrastruktur. Dette gjeld òg eigne innbyggjarar.

Åseral kommune oppmodar alle om å følgje nasjonale smittevernråd. Aktuelle smittevernråd er:

1. bli heime om du har feber eller lette luftveissymptom

2. tenk smittevern når du er på hytta (handhygiene, unngå å hoste på andre, ha desinfeksjonsmiddel tilgjengeleg)

3. ikkje dra på besøk til andre eller inviter andre om dette ikkje er heilt naudsynt

4. ikkje samlast i grupper på meir enn 5 personar

5. hald avstand på 2 meter

6. hugs hand-/og hostehygiene – også utandørs

7. tenk smittevern når du er i butikken og handlar

8. reis heim viss du blir sjuk eller får luftveissymptom

9. følg med på råd frå sentrale styresmakter

 

Løypekøyring

Det vert opna for oppkjøring av skiløyper i Åseral som i ein normalsituasjon. Føresetnadane for dette er at brukarane av løypene ivaretek dei nasjonalt tilrådde avstandane og gruppestorleik for å førebygge smitte, og at det ikkje blir store samlingar av menneske i løyper eller på parkeringsplasser.

 

Alpinsenter

Det vert opna for at alpinsentra kan halde ope under føresetnad av at nasjonale smittevernreglar om tilrådd avstand mellom personar (2 meter) og storleik på grupper (inntil 5 personar) blir følgde for å førebygge smitte.
Det må vere ekstra godt reinhald av toalett og kontaktflater og mogeleg for brukarane å ha god handhygiene. Brukarane må nytte hanskar i trekka. Det bør nyttast kontantfrie betalingsløysingar. Alpinsentra må ha eigen skipatrulje eller samarbeid med frivillige beredskapsorganisasjonar om førstehjelp og transport. Desse må ha kunnskap om smittevernproblematikk knytt til COVID-19-virus og naudsynt utstyr for å handtere dette.