Covid-19
Vi har hatt ein ekstraordinær situasjon, og våre prioriteringar er å ivareta innbyggjarane på ein best mogeleg måte.
På denne sida finn du heile tida siste nytt frå kommunen i samband koronaviruset.
Regjeringa har oppretta ei eiga temaside for koronaviruset. Følg med her: regjeringen.no
Ny koronavaksine tilgjengeleg frå veke 13
Du kan nå bestille koronavaksine type Novaxoid på legekontoret. Den kjem til oss i veke 13. Denne vaksina skal settast i i to dosar med tre vekers mellomrom.
Info om koronavaksiner i denne lenka: Fakta om godkjente koronavaksiner - Legemiddelverket
Sjekkliste for deg som har testa positivt for korona
Kva gjeld no?
- Du bør halde deg heime
- Du kan seie ifrå til folk rundt deg at du er sjuk
- Registrer positiv sjølvtest i kommunen
- Bekreftande PCR-test blir berre anbefalt til enkelte grupper
Slutt på status om smitte og vaksinering i kommunen
Kommunen har ikkje lagt ut tal om smitte og vaksinering dei siste 14 dagane. Kva skuldast dette?
Regjeringa har i dag, laurdag 12. februar, fatta vedtak om endringar i koronatiltaka.
Alle endringane gjeld frå kl. 10.00 laurdag 12. februar 2022
Positiv koronatest – kva gjer du?
Dette skal du gjere om du har teke ein sjølvtest eller PCR-test og den er positiv.
Til deg som må i isolasjon
Dersom du har påvist covid-19, må du isolerast enten heime, i helseinstitusjon eller ein annan stad. Følgande er henta frå FHI sine sider
Regjeringa fjerna mange koronatiltak. Oppdatert 2. februar!
Folk blir mindre sjuke av den virusvarianten som no herjer, og vaksinen gjev oss god beskyttelse. Derfor fjerna regjeringa i går kveld mange av koronatiltaka.
Generelle råd
Praktiser god hand- og hostehygiene
Vaksiner deg
Hold deg heime ved sjukdom
Test deg for covid-19 ved nyoppståtte luftveissymptomer
Status på smitte og vaksinering per 28. januar 2022
Det er for tida 4 personar som er sett i isolasjon.
Så langt har 686 personar fått dose 1, 645 dose 2 og 516 dose 3 av vaksine. Frå måndag går skulen og barnehagen over til grønt nivå igjen, Ute og inne.
Du finn meir statestikk på heimesida til FHI
Positiv sjølvtest på ungdomsskulen
Ein elev i ungdomsskulen har testa positivt på sjølvtest for korona måndag kveld.
Informasjon om selvtester, PCR og registrering av positivt testresultat av selvtest
Teksta under er utarbeida av Helsedirektoratet for publisering på kommunale heimesider.
Testing erstatte smittekarantene for nærkontakter
Smittekarantene på 10 døgn kan erstattast med dagleg testing for husstandsmedlemmar og tilsvarande nære. Forskriftendringa gjeld frå og med midnatt, natt til 26. januar.
Status på smitte og vaksinering per 21. januar 2022
Per dags dato er det ein person i isolasjon i Åseral. Ingen personar i karantene. Vaksinering med 3 dose held fram og fram til no har 495 personar teke denne.
86,1 % av personar over 18 år har teke 1 dose og 85,3 % over 18 år har teke 2 dose.
Vaksinering av barn og unge
Barn 5-11 år (født 2010-2016) KAN vaksinerast dersom foresette ønsker det. Det vil vere mest aktuelt for:
- Barn med kroniske sjukdomar
- Familiar der barn har nær kontakt med personar med særlig behov for beskyttelse
- Barn som har auka risiko fordi dei skal flytte til eller opphalde seg i land med høgare smitterisiko eller dårligare tilgang til helsetenester enn i Norge, eller barn som av andre grunner lever i ein utsett situasjon
Status på smitte per 19.januar 2022
Vi fekk i dag melding om ny positiv PCR test frå Åseral. 4 personar er for tida i karantene.
Slik får du tak i sjølvtest
Kommunen har no fått inn nokre fleire sjølvtestar. Desse kan då få ved å ta kontakt med servicekontoret på telefon 38 28 58 00 mellom kl. 09:00 – 14:00 måndag – fredag. Hugs å avtale henting i førekant då me ikkje ynskjer mogleg smitta inn på rådhuset.
Sjølvtestane er gratis, men det er viktig at du ikkje hentar ut meir enn det du treng då det er avgrensa tilgang på desse nasjonalt.
Har du akutt behov for sjølvtest i helga ta kontakt på koronatelefonen: 907 94 990
Ein ny smitta laurdag
Det vart laurdag kveld stadfesta ein ny smitte frå Åseral. Vedkomande er sett i isolasjon i ein anna kommune. Totalt er det for tida 3 personar i isolasjon.
Status på smitte og vaksinering per 14. januar 2022
Smitte:
Per i dag har vi 4 personar i isolasjon og 3 personar i karantene. Det har ikkje vore påvist noko ny smitte siste døgeret og det ser ut som om smitteutbrotet er under kontroll.
Vaksinering:
Åseral ligg noko etter landsgjennomsnittet når det gjeld personar som har latt seg vaksinere. For dose 1 er snittet i landet på 92,7% over 18 år medan talet for Åseral er 85,6 %. For dose 2 er snittet i landet på 89,4% medan talet for Åseral er 84,6%. Tal på vaksinerte med 3 dose er 463.
Vaksinering held fram fortløpande i høve til 20 vekers regelen
Regjeringa endrar på dei nasjonale tilrådingane og tiltak
Endringa gjeld frå midnatt natt til fredag 14. januar. Endringane knytt til barnehager, skuler og SFO gjeld frå midnatt natt til laurdag 15. januar. Tiltakene skal vurderast på nytt i starten av februar.
1 ny smitte stadfesta i dag 12. januar
Status per idag er 7 personar i isolasjon og 4 i karantene. Alle nærkontakter er under kontroll.
Status på smitte i Åseral per 11. januar 2022
Vi har i dag fått 3 positive PCR prøver som vart tekne i helga. I tillegg har me 1 positiv hurtigtest i dag. Alle tilfella er nærkontakter av tidlegare smitta så smittevegen er kjent. Dette betyr at vi no har 6 personar i isolasjon og 3 i karantene.
Status på smitte og vaksinering per 7. januar 2022
Per i dag har vi 7 personar i isolasjon og 24 personar i karantene. Det har ikkje vore påvist noko ny smitte siste døgeret og det ser ut som om smitteutbrotet er under kontroll. Med ein stadig aukande smittesituasjon nasjonalt og ikkje minst i Agder er det særs viktig at folk er flinke til å holde seg til nasjonale råd og reglar.
Kommunal kompensasjonsordning, runde 6. – Åseral kommune
Bedrifter i Åseral kommune som er rammet av smitteverntiltak kan søke om støtte.
Hastevedtak om tiltak for å førebygge koronasmitte (Covid-19) i Åseral og Hægebostad kommunar.
Kommuneoverlegen har fatta følgande hastevedtak som vil vere gjeldande frå torsdag 06.01.2022. kl 08.00 og gjeld fram til torsdag 13.01.22 kl 08.00.
Smittekarantene for personar under 18 år
Karantenereglane i covid 19-føreskrifta § 4i skal også gjelde for personar under 18 år. Det tyder at det ikkje blir gjeve unntak frå smittekarantene for personar under 18 år. For fritak elles gjeld dei nasjonale reglane. Testing etter retningslinene for gjennomføring av smittekarantena kan skje ved sjølvtest eller hurtigtest gjennomført av helsepersonell.
2 nye smitte onsdag 5. januar
Talet på koronasmitte er på veg oppover i Åseral. Onsdag kveld er talet på smitta 7 personar som alle er sett i isolasjon. I tillegg er 25 personar sett i karantene.
Fire nye smitta i Åseral
Det siste døgeret er det registrert 4 nye smitta personar i Åseral. 1 av desse er stadfesta gjennom PCR test medan dei 3 andre er gjennom hurtigtester. Dette betyr at vi per i dag har 5 personar i isolasjon og 17 personar i karantene. Alle nærkontakter skal vere kontakta. Dei 2 tilfella som er stadfesta via PCR (sundag kveld og i dag) er begge smitta av omikron-varianten.
Positiv hurtigtest 2. januar
Vi har ein positiv hurtigtest sundag kveld. 1 person er sett i isolasjon og 15 personar er sett i karantene. Alle nærkontakter er kontakta og har gjennomført test.
Vaksinetal i Åseral i samband med nyttår
Åseral ligg noko etter landsgjennomsnittet når det gjeld personar som er vaksinert. For dose 1 er snittet i landet på 92,5% over 18 år medan talet for Åseral er 85,9 %. For dose 2 er snittet i landet på 89% medan talet for Åseral er 84,1%. Under finn dykk tala som er henta ut idag når det antal vaksinerte i Åseral. Når det gjeld dose 3 så vart heile 130 personar vaksinert med denne i går.
Har du ikkje blitt vaksinert endå? Ta kontakt med legekontoret og det blir fiksa!
Status på smitte og vaksinering i Åseral 29.12.2021
Kommunen har ikkje hatt nokon nye smittetilfelle i romjola og har heller ingen personar i karantene. Vi held difor fram med rapportering ei gong i veka dersom det ikkje er ny smitte.
Har du spørsmål om testing ta kontakt på koronatelefonen som blir bemanna i jola - Telefonnummer: 907 94 990
Status på smitte og vaksinering i Åseral 23.12.2021
Kommunen mottok i dag melding om at ein tilsett på skulen som ikkje er busett i kommunen har testa positivt på korona etter siste skuledag på tysdag. Den tilsett og alle nærkontakter er fulgt opp og aktuelle sett i karantene.
Har du spørsmål om testing ta kontakt på koronatelefonen som blir bemanna i jola - Telefonnummer: 907 94 990
Nytt smittetilfelle tysdag
Kommunen har igjen motteke melding om ei positiv smitte. Dette er ein av dei som testa positivt på sjølvtest og som alt var i karantene som no er stadfesta smitta gjennom PCR test. Totalt er det no 17 personar i karantene i Åseral.
Nye smittetilfelle i Åseral sundag
Kommunen har i dag fått stadfesta eit nytt tilfelle av smitte etter PCR test. Det dreier seg om om Deltaviruset denne gong. I tillegg har me 2 positive hurtigtester som det no er teke PCR test av og som me avventer svar på. Det er ingen samaheng mellom dei ulike tilfella og smittesporing pågår.
Ny person med påvist smitte fredag 17. desember
Endå ein person fekk i dag påvist smitte. Denne personen er nærkontakt med tidlegare smitta og var difor allerie i karantene. Vedkomande var på møte i snøscooterklubben måndag kveld og me ber andre som var på dette møtet om å teste seg med hurtigtest om dei skulle kjenne symtomer.
Det er og stadfesta at smittetilfellet frå torsdag er av omikron varianten.
Andre dag på rad med ny smitte i Åseral
For andre dag på rad har kommunen motteke melding om nytt smittetilfelle. Smittesporing pågår og dei to tilfella kan ikkje knyttast til kvarandre. Dei smitta er i isolasjon og nærkontakter er i karantene.
Ny smitte påvist i Åseral
Det vart i dag meldt om ein ny positiv prøve på Covid-19 i Åseral. Vedkomande og husstand er sett i isolasjon og karantene. Nærkontakter er sett i karantene.
Nye nasjonale smitteverntiltak frå 15. desember. Oppdatert!
Det viktigaste er framleis å ta vaksine så snart som råd, halde avstand til andre enn dei du bur saman med til dagleg, god hand og hostehygiene, hald deg heime om du er sjuk og bruk munnbind om du ikkje kan halde avstand. Alle vert også oppmoda om å ha færre (få) nærkontaktar utanfor eigen husstand - særleg innandørs.
Nye nasjonale smitteverntiltak trer i kraft natt til torsdag 9. desember (OPPDATERT!)
Regjeringen har beslutta å innføre ei rekke nasjonale smitteverntiltak for å få ned
belastninga på helse- og omsorgstenesta, og forseinke og avgrense spreiinga av omikron.
Tiltaka baserer seg på råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. I botnen finn du smittevernreglane for kommunale bygg gjeldande frå same dato.
Positiv koronatest i Åseral
Vi har i kveld fått stadfesta ei positiv koronasmitte av typen Delta i kommunen. Vedkomande som er smitta er sett i isolasjon saman med husstadsmedlemmer. Arbeidet med smittesporing er ivareteke og den smitta blir fulgt opp.
Smittetala aukar kring oss!
Smittetala auker stadig i heile landet, men framleis har vi ikkje noko ny smitte i Åseral. Delar av landet fekk igår pålegg frå regjeringa, men førebels er det berre tilrådingar for kommunane på Agder. Det er difor viktig at kvar einskild av oss følgjer desse nye råda så godt som mogleg. På det viset vonar me at kommunen skal kunne halde seg smittefri i tida fram mot jolehøgtida - og i all ettertid.
Testing og framdrift vaksinering i Åseral kommune
TESTING
Du kan få hurtigtest for sjølvtesting på servicekontoret på rådhuset. Ring for å avtale henting - tlf 38285800. Ikkje gå inn dersom du har symptomer.
Skal du ha PCR-test må du avtale dette med legekontoret – tlf 38285900. Denne testen må takast før kl 10.30 for å få sendt den til laboratoriet same dag. Legekontoret tek også hurtigtestar.
VAKSINERING
I gruppa over 65 er nærast alle vaksinert med 3.dose av Pfizer-vaksinen. Vi startar nå med å vaksinere risikogruppene, og personar frå 64 år og nedover mot 45 år. Det skal gå om lag 6 månader mellom 2. og 3 dose.
Alle vi bli kontakta med telefon eller sms.
Ta kontakt med legekontoret dersom du ikkje høyrer ifrå oss – tlf 38285800.
Pandemien er ikkje over endå!
Sjølv om dei fleste restriksjonar no er oppheva er det viktig å ikkje senke skuldrane heilt endå. Smittetala har den siste tida auka kraftig og det er igjen viktig å halde på nokre enkle køyrereglar. På det viset unngår ein at pandemien kjem ut av kontroll med påfølgande nedstenging som resultat. Kommunen ber difor folk om å følgje nokre enkle reglar.
Smittevernråd vedrørende arrangementer november og desember 2021
Som arrangør kan man aldri forhindre at et smitteutbrudd kan oppstå men man kan være med på å minimere omfanget dersom det først oppstår.
Grunnprinsipp: Vis tydelig at du som arrangør er interessert i hygiene/smittevern.
Viktig å takke ja til vaksinedose 3
Alle personar over 65 år vil få ein telefon frå kommunen med tilbod om vaksinedose 3. Dersom folk har takka nei og så ombestemmer seg att, må dei sjølv ta kontakt med legekontoret.
Nasjonale råd og reglar i samband med Covid 19 som gjeld no
Laurdag 25. september kl. 16.00 gjekk Noreg over til ein normal kvardag med auka beredskap. Det inneber at alle restriksjonar innenlands vart fjerna, med unntak av kravet om å gå i isolasjon dersom du er sjuk med covid-19.
- Meterregelen gjeld ikkje lenger. Vi kan vere saman på samme måte som før.
- Antallsbegrensningen på arrangementer er oppheva.
- Det er slutt på krav om bordservering og innsleppstopp.
Dette gjeld fremleis:
- Hold hendane reine
- Host/nys i albogen eller papirlommetørkle
- Hold deg heime dersom du er sjuk og test deg, sjølv om du er vaksinert.
- Du må i isolasjon dersom du blir smitta, dette gjeld og for vaksinerte
3.dose med koronavaksine
Gjeld personar med nedsett immunforsvar. Vi oppfordrer personar som brukar immundempande medikament frå oversikten under til å ta kontakt med legekontoret på telefon 38 28 59 00, så du kan få teke vaksine så fort som mogleg.
12-15 åringar tilbys koronavaksinasjon
Regjeringa har vedteke å følgje Folkehelseinstituttet si tilråding om å tilby koronavaksinasjon til ungdom i alderen 12 – 15 år. Åseral kommune vil sette i gang arbeidet med dette så snart som mogleg.
Har du ikkje fått vaksine endå?
Er du født i 2005 eller tidlegare, men manglar vaksinering mot Covid 19?
Er du over 18 år, busett i Åseral og framleis ikkje har fått tilbod om koronavaksine?
Alle over 18 år skal no ha fått tilbod om vaksine. Dersom du ikkje har høyrt noko og ynskjer vaksine må du så snart som mogleg ta kontakt med legekontoret på telefon 38 28 59 00 for å avtale time.
Ein person er i dag registrert med positiv prøve på Covid 19 i Åseral
Kommunen har motteke melding om at ein person har positiv prøve på Covid 19. Vedkomande er satt i isolasjon og nærkontakter i karantene. Smittesporing pågår.
ALLE som har vore på Aust-Vest festivalen blir nå oppmoda om å teste seg
Det er kome telefon om ytterlegare ein person som er testa positiv på aust-vest-festivalen.
ALLE som har vore på festivalen blir nå oppmoda om å teste seg.
Dei som er oppgitt som nærkontakter er blitt oppringt av smittesporingsteam og bedt om å teste seg på nytt med PCR-prøve dersom dei har teke hurtigtest i dag.
Andre som har teke hurtigtest i dag treng bare å teste seg på nytt om dei utvikler symptomer.
For å avtale testing ring Koronatelefonen på nummer 907 94 990.
Var du på Aust-Vest festivalen på laurdag?
Nå har de seg slik at det desverre er en person, som har vært på Aust - Vest på lørdag, som har fått påvist covid 19.
Endring i plan for koronavaksinering
Åseral kommune har fått 3 gonge så mange doser som tidlegare anteke for veke 30. Dette betyr at mange vil få telefon i dag og i morgon med innkalling til vaksine neste veke. I fyrste omgang er det tale om personar i alderen 40 - 44 år og dei mellom 18 - 24 år. Dersom det ringer frå eit ukjent nummer kan det difor vere greit å ta telefonen for ikkje å misse vaksineringa. Du vil få klokkeslett og dato for oppmøte og vaksineringa vil denne dagen føregå på rådhuset.
Vi ber alle om å fylgje ut og ta med skjema i lenka under når dykk møter til vaksinering. https://www.fhi.no/contentassets/76e833e2ed2f4314ba7fabe0aba40b2e/vedlegg/nynorsk_egenerklaeringsskjema.pdf
Korona-testing i Åseral
Kva skal du gjere om du mistenker at du er smitta av covid-19?
Er du fullvaksinert? Last ned ditt eige koronasertifikat!
Den fyrste versjonen av det norske koronasertifikatet er no klar. Den syner testresultat og om du er vaksinert mot korona. Dette kan du sjå på Helsenorge-appen på telefonen eller på Helsenorge.no, der du og kan skrive ut eit pdf-bevis
Fredag starter fyrste trinn i gjenopningsplanen
Etter råd frå Helsedirektoratet og FHI gjennomfører regjeringa fyrste trinn i gjenopningsplanen frå midnatt, natt til fredag 16. april.
DET ER PÅVIST EITT SMITTETILFELLE I ÅSERAL KOMMUNE KNYTT TIL UTBROTET PÅ KVS BYGLAND
Ein innbyggar i Åseral har testa positivt for Covid-19. Tilfellet er knytta til KVS Bygland, og vedkomande har så langt vore følgt opp av Bygland kommune. Personen det gjeld er satt i isolasjon og smittesporing blir gjennomført. Åseral kommune tek no hand om og følger opp personen.
Fyrste tilfelle av Covid-19 i Åseral
Åseral kommune har i dag fått stadfesta ei positiv prøve på Covid-19 frå ein person med folkeregistrert adresse i kommunen.
Stoda innan vaksinering mot Covid-19 i Åseral
Per 3. mars er det 44 personar i Åseral som er fullvaksinert. I tillegg er det 8 personar som berre har fått dose 1.
Endringar i nasjonale smitteverntiltak og smittevernreglar i kommunale bygg
Regjeringa vidarefører i hovudsak dei nasjonale smitteverntiltakene. Det blir lettelse for born, unge og studentar medan det skjerpast inn på skjenking.
Stoda innan vaksinering mot Covid-19 i Åseral
Per 19. februar er det 38 personar i Åseral som er fullvaksinert. I tillegg er det 25 personar som har fått dose 1.
Velkomen til vinterferie i Åseral
For snart eit år sida måtte kommunen gå ut med at folk ikkje var velkomne til å feire påska på hyttene sine. Dette fordi det var lagt ned nasjonalt forbod om dette. No står vinterferien for døra og pandemien raser framleis, men ting ser lysare ut no og det ligg ikkje noko nasjonalt forbod mot å reise på hytta. Det er difor med glede at kommunen ynskjer hyttefolk velkomne til å nyte ein velfortent ferie på hytta i Åseral.
Oversikt over påviste tilfeller av covid-19 i Agder
Statsforvalter har lansert ei ny smitte- og vaksinasjonsside. Her får du oversikt over alle påviste tilfeller av covid-19 i Agder, fordelt på kommune.
Koronavaksine i Åseral kommune 2021
Helseetaten er no i gang med vaksinering etter gjeldande retningsliner. Bebuarar på sjukeheimen blir prioritert først, deretter personar over 85 og og utvald helsepersonell. Etter dette blir det fortløpande tilbod til alle etter alder og risikogruppe. Alle folkeregistrerte over 65 år vil få telefon med forespørsel om dei ynskjer vaksine. Vi har pr. dags dato ikkje oversikt over tidspunkt for vaksinering, men den enkelte vil få beskjed i god tid før oppmøte. Dersom du ikkje har blitt kontakta om du ynsker vaksina må du ringe legekontoret, tlf. 38 28 59 00.
Status på koronatiltak i Åseral kommune per 18. januar 2021
Regjeringa har i dag vedteke å vidareføre dei fleste koronatiltaka som vart innført 4. januar, men dei lettar på tiltak som gjeld barn og unge. Åseral kommune vil halde fram med å følgje dei reglar og tilrådingar som regjeringa kjem med. Dette betyr for Åseral sin del.
Digital registreringsplikt ved innreise
For å betre smittekontrollen, vedtok regjeringa før jol at alle som reiser til Norge må registrere seg elektronisk. Frå og med 2. januar var det digitale reiseregisteret operativt.
Regjeringa innfører fleire nasjonale smitteverntiltak
For å holde kontroll på smittespreiinga og avgrense ny auke i smitte, er det sett i verk forsterka nasjonale smitteverntiltak i førebels to veker frå 4. januar.
Les alt om dette på regjeringa si side.
Kommunen sine smittevernråd for ei trygg jolefeiring
Kommunen sine smittevernråd for ei trygg jolefeiring saman med eldre og andre innbyggarar som er i risikogruppa ved smitte av covid-19.
Korona: Joleråd frå regjeringa
Status på koronasituasjonen i Åseral 17. november 2020
Åseral kommune er no ein av berre 38 kommunar i landet som så langt ikkje har registrert noko smitte. Innbyggarane i Åseral skal ha ros for korleis dei har handtert pandemien så langt, dette er hovudårsaka til at me framleis har unngått smitte.
Informasjon frå Kriseleiinga 6. november
Dei siste vekene har talet på smitta auka kraftig. Det er særleg i dei større byane talet stig, men også mindre kommunar har fått større utbrot. Det er no registrert covid-19 i over 60 norske kommunar.
Vi er framleis ein av kommunane utan smitte og dei nye tiltaka fører ikkje med seg store endringar for vår del.
Kriseleiinga oppmodar likevel alle til å halde seg til dei nasjonale reglane og føringane for å unngå smitte.
Endring i smitteverntiltak frå 28. oktober
Det vert stadig gjort endringar som gjeld dei nasjonale tiltaka i samband med pandemien. Kommunen vil oppdatere lokale smittevernreglar i høve til dette, men ber folk om å gå inn på regjeringa si eiga koronaside for å få med detaljar omkring endringane. www.regjeringen.no
Utvida støtte til næringslivet grunna koronautbrotet
Åseral kommune fekk tildelt kr 725 000 gjennom statens 3. krisepakke til næringslivet.
Kommunane skal tildele desse midla til næringslivet for å motverka dei negative effektane av kronautbrotet.
Besøk i kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar - 10 dagar etter utanlandsreise
Kommuneoverlegen i Åseral kommune innførar skjerpa besøksbegrensing til sjukeheim og sjukeheimsnære bustader i 10 dagar for pårørande og andre som har vore på reise i utlandet, både "raude" og "grøne" land.
Ny krisepakke for frivilligheita
Smittevernråd frå FHI for reise og innreisekarantene ved ankomst til Norge vedrørene koronavirus (covid-19)
Karanteneregler og råd for smittevern ved reise oppdateres fortløpende. Spesielt før en utenlandsreise er det viktig at du både setter deg inn i hvilke regler som gjelder i det landet du reiser til, og hvilke regler som gjelder når du kommer tilbake til Norge. Ta høyde for at anbefalinger om reise kan endres raskt.
Informasjon frå Åseral kommune 8. mai 2020
Regjeringa kom i går med ei tidslinje for ei gradvis gjenopning av samfunnet etter Covid-19 tiltak. I Åseral kommune betyr dette følgande:
Smitteverntiltak og gradvis opning av samfunnet
Endringar gjeldande frå 20. april 2020
Informasjon frå Åseral kommune 8. april 2020
Regjeringa vil opne samfunnet gradvis og kontrollert
Informasjon om krisepakken til idrett, kultur og frivillighet
14. april kan frivillige lag og organisasjoner og arrangører i kultursektoren søke om kompensasjon for korona-avlyste, utsatte eller stengte arrangementer. Fordi det er kort søknadsfrist, er det lagt til rette for at søkerne kan bruke tiden fram mot 14. april på å forberede seg.
Heimepåske, smittevern og vakttelefonar
Påska står for døra, og i år skal me feire den heime. I Åseral er me framleis så heldig i skrivande stund at me ikkje har nokon smitta i kommunen.
Påskehelsing frå Ordføraren
Tida vi er inne i er annleis og uverkeleg, og eg trur vi alle kjenner på ein uro når det gjeld koronakrisa.
På ein måte er det bra, for det gjer oss meir skjerpa og fokusert på smitteverntiltaka som er heilt naudsynte: Vi må vaske hendene godt, vi må halde 2 meters avstand og vi må ikkje samlast fleire enn 5 stk. på ein stad.
Doktorkåna svarer på spørsmål om korona frå born
Kommuneoverlege i Åseral, Hægebostad og Farsund, Ann-Margret Haaland svarer på spørsmål frå born om korona.
Difor blir det ikkje køyrt opp skiløyper i Åseral
Kommunen får stadig spørsmål om kvifor det ikkje vert køyrt opp skiløyper i kommunen. Alle er vel no kjent med forbodet med å opphalde seg på fritidshytter jamfør forskrift.
Vedrørande stenging av alpinbakker, løyper og overnatting
Det nærmer seg påskeferie, og i samband med dette kjem det opp spørsmål omkorleis vi skal forholda oss etter at regjeringa har fatta vedtak om at tiltaka for å bremse spredning av koronnaviruset vert forlenga til 13. april 2020.
Kven ser etter hyttene i Åseral?
Politiet køyrer jamnleg rundar i hyttefelta for å sjå til at alt er i orden, og at ikkje ubudne gjester har vore på ferde.
Koronasjekk
Koronasjekk.no er ei nyoppretta nettside som til ei kvar tid vil vere 100 % i samsvar med råd og tiltak frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet.
Åseral kommune ynskjer kontakt med ledig helsepersonell
Åseral kommune ynskjer kontakt med helsepersonell og studentar som ikkje er i arbeid, og som vil melde seg til teneste.
Me ynskjer å få ein oversikt over kven me kan kontakte og innkalle dersom det blir behov for ekstramannskap.
Meld frå om du er i karantene!
Alle som er i karantene i høve dei nasjonale retningslinene må melde frå til kommunen. Slik gjer du:
Nye tiltak frå Stortinget
Stortinget blei i dag samde om nye tiltak som skal hjelpe landet gjennom koronakrisa.
Desse punkta har partia blitt samde om:
Luftveisproblemer eller spørsmål om smitte?
Har du luftveisproblemer og spørsmål om smitte, skal skal du ringe 116117 heile døgnet og velge Kr. sand legevakt. Du vil så bli henvist til evt oppmøte på Tangvall legevakt i Søgne. Dette gjelder fra og med tirsdag 17.3.2020 og inntil videre. For ytterligere opplysninger se Kristiansand kommune sin hjemmeside vedr legevakt: https://www.kristiansand.kommune.no/legevakt.
Helsing frå ordføraren: Kjære Åsdølar
Nå er vi inne i ei krevjande tid kor alle får ein annleis kvardag. Dei dramatiske tiltaka som er sett i verk gjer vi i håp om å hindre spreiinga av koronaviruset. Vi gjer det i solidaritet med dei eldre, dei kronisk sjuke og andre som er utsette for alvorleg sjukdom. Vi beskyttar oss sjølv for å beskytte andre.
Koronaviruset: Kommunen iverksetter tiltak
Kommunen tar utbruddet av Covid-19 – Koronaviruset - på høyeste alvor og iverksetter følgende tiltak:
- Alle skolebygg og idrettshaller holdes stengt etter skoletid
Barnehager og skoler i kommunen drives inntil videre som vanlig.
Lag, organisasjoner og bedrifter bes gjøre en grundig vurdering av om det er nødvendig å samles, selv om det er under 500 som skal delta
Kva er koronaviruset?
Det kan vere vanskelig å vite kva koronaviruset faktisk er for noe. Helsedirektoratet har derfor fått Hermine (13) til å stille spørsmål hun lurer på.
Orientering om koronavirus
Koronaviruset (SARS- COV-2) sprer seg, og i samband med dette ønskjer kommunelegen å orientere om følgande:
- Legekontoret i Åseral eller legevakt bør ikkje oppsøkjst uanmeldt (for å skåne andre pasienter og evt. immunsvekka pasientar).
- Ved mistenkt smitte, ringer ein til fastlegekontoret eller til legevakta. Det vil då bli gjort ei vurdering, og ved et anteke smittetilfelle vil legen avgjere korleis prøvetaking skal skje. Det vil ofte vere snakk om heimebesøk. Vær budd på at legen vil bruke smitteverntøy.