Omdisponering

Formålet med jordlova etter §1 er å sikra at arealressursane blir disponerte på ein måte som «gir ein tenleg, variert bruksstruktur ut frå samfunnsutviklinga i området og med hovudvekt på omsynet til busetjing, arbeid og driftsmessig gode løysingar.» Det skal takast omsyn til at «ressursane skal disponerast ut frå framtidige generasjonar sine behov» og dei skal forvaltast på ein miljøforsvarleg måte som mellom anna skal «ta omsyn til vern om jordsmonnet som produksjonsfaktor og ta vare på areal og kulturlandskap som grunnlag for liv, helse og trivsel for menneske, dyr og planter.»

Dyrka og dyrkbar jord er ein grunnleggjande ressurs for å sikra matforsyninga på kort og lang sikt. Dersom eigaren av ein landbrukseigedom ønskjer å bruka dyrka jord til andre formål enn jordbruksproduksjon, må det derfor søkjast om løyve til omdisponering etter jordlova frå kommunen. 

Søknad om omdisponering blir behandla etter jordlova §9. Det er ikkje eige søknadsskjema for dette, men søkjar grunngi søknaden og leggja ved kart som viser arealet som blir søkt omdisponert. 

Meir informasjon om omdisponering kan finnast på nettsida til Landbruksdirektoratet og meir informasjon om å søkja på omdisponering av dyrka og dyrkbar jord kan finnast her.

Søknaden blir behandla av kommunen. Statsforvaltaren i Agder er klageinstans.

 

Søknad om omdisponering blir send til kommunen:

Epost: post@aseral.kommune.no

Post: Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 Åseral

Deling

Dersom eigar av ein landbrukseigedom ønskjer å overdra delar av eigedommen, er det nødvendig med løyve etter jordlova sin §12.Dersom formålet med delinga gjer det nødvendig med samtykke til omdisponering etter jordlova sin §9, kan delingssamtykke ikkje givast utan at det er gitt samtykke til omdisponering.

Søknaden blir behandla av kommunen. Statsforvaltaren i Agder er klageinstans.

 

Behandlingsgebyr for søknad om deling er fastsett med heimel i Forskrift om gebyr for behandling av konsesjons- og delingssaker. Behandlingsgebyret er 2000 kroner.

 

Søknad om deling blir send til kommunen:

Epost: post@aseral.kommune.no

Post: Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 Åseral