Konsesjon

Konsesjon er løyve til erverv av fast eigedom. «Erverv» er eit fellesord for alle måtar ein kan overta ein eigedom på; kjøp, arv, gåve osv. Fast eigedom er til dømes hus, gard eller ubygd tomt, eller andre areal.

Reglane om konsesjon står i konsesjonsloven.

Meir informasjon om konsesjon på eigedom kan finnast på nettsida til Landbruksdirektoratet.

Meir informasjon om korleis ein søkjer konsesjon for erverv av fast eigedom og aktuelle søknadsskjema kan finnast på nettsida til Landbruksdirektoratet.

 

Behandlingsgebyr for søknad om konsesjon er fastsett med heimel i Forskrift om gebyr for behandling av konsesjons- og delingssaker. Behandlingsgebyret er 5000 kroner.

 

Søknad om konsesjon blir send til kommunen:

Epost: post@aseral.kommune.no

Post: Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 Åseral

Konsesjonsfridom og eigenerklæring

Den som skal ta over ein eigedom som er konsesjonsfri, må som oftast sende eigenerklæring om konsesjonsfridom. 

Hovudregelen er at erverv av utbygd eigedom, som ikkje er større enn totalt 100 dekar og heller ikkje har meir enn 35 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord, er konsesjonsfrie.

Erverv frå nær familie er som regel konsesjonsfritt. Konsesjonsloven § 5 første ledd regulerer kva familiemedlemmer ein kan overdra konsesjonsfritt til, eller erverva konsesjonsfritt frå.

For dei fleste konsesjonsfrie erverv må det sendast inn eigenerklæring om konsesjonsfridom. Meir informasjon og aktuelle skjema kan finnast på nettsida til Landbruksdirektoratet.

Meldingsskjema kan også finnast her: Eigenfråsegn om konsesjonsfridom ved tileigningkjøp av fast eigedom mv..pdf.

 

Melding om konsesjonsfridom og eigenerklæring blir send til kommunen:

Epost: post@aseral.kommune.no

Post: Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 Åseral