Gjødslingsplan

Gjødslingsplanen er eit verktøy for å tilpassa gjødselmengda til mellom anna vekst, avlingsnivå, driftsform, jordtype og klima. Gjødslingsplan er ein viktig reiskap for økonomisk og miljømessig tilpassing av drifta på garden.

Alle føretak som disponerer jordbruksareal med planteproduksjon og som har rett til produksjonstilskot, skal ha gjødslingsplan, jf. §2 i Forskrift om gjødselplanlegging

Forskrift om gjødslingsplanlegging set krav til utforming av gjødselplanen. Planen skal byggja på:

  • Jordanalysar som ikkje er eldre enn åtte år.
  • Kart med målestokk som tydeleg viser skifteinndelinga. 

Det er føretaket sitt ansvar å sørgja for at jordprøvene blir fornya, og teikna inn skifta på kart.

Til arbeidet kan du til dømes bruka gardskartet frå NIBIO

Merk: «Dersom vekstforholda avviker fra de forutsetningene som var når gjødslingsplanen ble laget, skal gjødslingsplanen justeres i samsvar med behovet.», jf. §3 pkt. 7 i Forskrift om gjødslingsplanlegging. Dette betyr at bonden i slike tilfelle må notera endringane i gjødselplanen sin, slik at planen er oppdatert med kva som faktisk har vore gjord i vekstsesongen.

 

Meir informasjon om gjødselplanlegging kan finnast på nettsida til Landbruksdirektoratet.

Meir informasjon om bruk av husdyrgjødsel i jordbruket kan finnast på nettsida til Landbruksdirektoratet.

Meir informasjon om spreieareal for husdyrgjødsel med diverse skjema og malar for spreieareal og bruk av husdyrgjødsel kan også finnast på nettsida til Statsforvalteren i Agder.

Fleirårig gjødselplan

Føretak som har «en enkel driftsform, liten variasjon i arealbruken eller ekstensiv driftsform, slik at gjødslingsbehovet varierer svært lite for de enkelte skiftene fra år til år, kan gjødslingsplanen vare i inntil 5 år når dette godkjennes av kommunen.», jf. §3 i Forskrift om gjødselplanlegging

Det er ikkje eige søknadsskjema for å søkja om ein fleirårig gjødselplan, men søkjar må grunngi søknaden. 

Søknaden blir behandla av kommunen.

 

Søknad om fleirårig gjødselplan blir send til kommunen: 

Epost: post@aseral.kommune.no 

Post: Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 Åseral

Fritak frå gjødselplan

Kommunen kan gi dispensasjon frå kravet om å ha gjødslingsplan dersom det er 5 gjødselsdyreiningar (GDE) eller færre og dersom jordbruksareala blir drivne svært ekstensivt, jf. §5 i Forskrift om gjødselplanlegging. Ekstensivt jordbruk er jordbruksdrift med liten innsats av arbeidskraft og kapital per flateeining slik at jorda gir lita avkasting. 

I utrekning av GDE blir beiting utanom spreieareal trekt frå. For dyr som berre beite i utmark, blir det berekna at dei ikkje utgjer nokon GDE i forhold til kravet om gjødselplan. For dyr som beitar delar av tida utanfor spreiearealet blir det gjort ei fordeling mellom fôropptak på spreiearealet (inkl. tilleggsfôring) og fôropptak utanom spreiearealet (utmark og innmarksbeite som ikkje er godkjent spreieareal) for å berekna tal GDE.

Spreieareal = fulldyrka og overflatedyrka areal. Kommunen kan i tillegg godkjenna innmarksbeite som spreieareal ved søknad.

Søknaden blir behandla av kommunen.

 

Søknad om fritak frå gjødselplan blir send til kommunen: 

Epost: post@aseral.kommune.no 

Post: Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 Åseral

Spreiing av husdyrgjødsel – areal

Det er berre lov til å spreia husdyrgjødsel på godkjent spreieareal, og det må vera nok spreieareal i forhold til dyretalet, jf. §24 i Forskrift om orgnaisk gjødsel. Fulldyrka jord er automatisk godkjent som spreieareal. For å kunna spreia husdyrgjødsel på innmarksbeite, må ein søkja kommunen om løyve. 

Det er ikkje lov å spreia husdyrgjødsel i utmark, jf. §24 andre ledd i Forskrift om orgnaisk gjødsel, sjølv om arealet har vore innmark tidlegare. Dersom ein har behov for å kultivera opp utmark til grasbeite ved hjelp av husdyrgjødsling, kan ein søkja kommunen om dispensasjon. Ein må då lage ein skriftleg oversikt både over behov for beite, korleis ein skal kultivere beitet og når det skal vere ferdig innmarksbeite. Det er særs viktig å vente med eventuelle tiltak til ein har fått skriftleg svar frå kommunen, då det er strengt forbode å spreie husdyrgjødsel i utmark.

Statsforvaltaren har utvikla ei eiga side med skjema og meir info som kan finnast på nettsida til Statsforvalteren i Agder

Søknaden blir behandla av kommunen.

 

Søknad om å få godkjent spreieareal blir send til kommunen: 

Epost: post@aseral.kommune.no 

Post: Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 Åseral

Spreiing av husdyrgjødsel – tidsrom

Spreiing av gjødselvarer av organisk opphav, husdyrgjødsel, er berre tillaten i perioden 15. februar til 1. november og det er ikkje tillate å spreia gjødselvarer på snødekket eller frosen mark, jf. §23 første ledd i Forskrift om organisk gjødsel

Spreiing utan nedmolding/nedfelling skal gjerast seinast innan 1. september. Kommunen kan med løyve gi ein seinare frist for spreiing utan nedmolding/nedfelling enn 1. september, men ikkje seinare enn 1. oktober, jf. §23 i Forskrift om organisk gjødsel. For kommunar som ligg innanfor nedbørsfeltet som drenerer til kyststrekninga svenskegrensa - Lindesnes er det berre mogleg å gi løyve til seinare spreiing ved enkeltvedtak etter § 23 og ikkje ved forskrift i tillegg til moglegheita ved enkeltvedtak.

I Åseral kommune er det berre mogleg å få utsetjing ved enkeltvedtak sidan kommunen ligg innanfor nedbørsfeltet som drenerer ut i Mandalselva, og dermed innanfor kyststrekninga svenskegrensa - Lindesnes. 

Søknaden blir behandla av kommunen.

 

Søknad om å få utsett frist for spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding/nedfelling blir send til kommunen: 

Epost: post@aseral.kommune.no 

Post: Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 Åseral