Landøyda er lettast å kjenne igjen i bløminga i august. Ser du planten, blir du oppmoda til å trekkja den opp med rota, putta heile planten i ein plastpose for å unngå frøspreiing og kasta han i restavfall slik at frøa blir brende. Bruk gjerne hanskar, sidan nokon kan reagerer på hudkontakt med planten. Sjå meir informasjon om landøyda og bekjempingsmåter frå Norsk landbruksrådgiving Agder.
Dei seinare åra har det kome bekymringsmeldingar om dette ugraset til både kommunar, Statsforvalteren i Agder, vegeigarar, bondelag og Norsk landbruksrådgivning Agder (NLR-Agder).
Det vart i 2016 utarbeida ein handlingsplan for å redusere omfanget av problemugraset landøyda. Handlingsplanen er revidert for perioden 2020–2023 i eit samarbeid med representantar frå NLR-Agder, Bondelaget, Fylkeskommunen, Staten vegvesen, Statsforvalteren i Agder (landbruk og miljø) og kommunane. Du finner den her: Revidert handlingsplan for bekjemping av landøyda 2020–2023
Det overordna målet med handlingsplanen er å redusere bestanden av landøyda på Agder og redusere spreiing til nye område.
Dei ulike aktørane er ansvarlege for å følge opp tiltaka dei har føreslått for eiga organisasjon. Statsforvalteren i Agder har ikkje mandat til å pålegge aktørane å gjennomføre tiltak.