Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Aktuelt

Resultat etter grovsortering av innspel

Fristen for å kome med innspel til kommuneplanens arealdel var 1. mars. Det kom også inn nokre innspel etter dette. Kommunen vart i alle tilfella informert om at innspela ville kome og alle innspela er teken med i grovsorteringa. Det har totalt kome 85 innspel. Grunna den store mengda med innspel har ein delt opp etter tema: bustad, fritidsbustad og resterande. Formannskapet handsama innspela i møte:

04.04.2024 – Bustad
02.05.2024 – Fritidsbustad 
30.05.2024 – Resterande 

Illustrasjonsfoto

Opptak frå folkemøte 25.01.2024

Åseral kommune er i gong med å revidere kommuneplanens arealdel. I forbindelse med det inviterte ein til folkemøte i gamle gymsal 25. januar. Her kan du sjå opptak frå informasjonsdelen av møtet.

Her kan ein lære litt om kva ein arealplan er, kva som ligg inne i eksisterande plan og kva ein har tenkt til å sjå på i denne revideringa. I tillegg får ein eit innblikk i nokre av dei overordna føringane kommunen må forhalde seg til. Ein går også gjennom korleis ein kan sende inn innspel og kva som skjer med desse vidare i prosessen. 

Til slutt kan ein sjå innlegg frå næringsrådet, som fortel litt om næringsareala som ligg i eksisterande plan. 

Bilde til heimeside2

Folkemøte om kommuneplanens arealdel

Åseral kommune er i gong med å revidere kommuneplanens arealdel. I forbindelse med det ynskjer me å invitere til informasjonsmøte i gamle gymsal 25. januar, klokka 18:00.
 
Lurer du på kva ein arealdel er? Kva vert den eigentleg brukt til og korleis fungera den planen me har i dag? Korleis kjem ein med innspel til planen, og kva skjer med innspelet vidare i prosessen?
Kor skal me ha bustadområde og kva tenker du om spreidde hytter på heia?

Dette, og mykje anna får du svar på og mogelegheit for å spele inn i møtet.

 
Folkemøte 25 januar - tekst

Har du innspel til kommuneplanens arealdel?

Kommunen opnar no for at alle kan komme med innspel til arealdelen. Kommunen har ikkje sett kriterium for kva som kan spelast inn, men ein ynskjer spesielt innspel på områder til bustad som ikkje er plassert på dyrka mark. Alle innspel vil bli vurdert. 

Kommuneplanens arealdel kart - illustrasjonsfoto