Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Nyhetsarkiv

Har du innspel til kommuneplanens arealdel?

Kommunen opnar no for at alle kan komme med innspel til arealdelen. Kommunen har ikkje sett kriterium for kva som kan spelast inn, men ein ynskjer spesielt innspel på områder til bustad som ikkje er plassert på dyrka mark. Alle innspel vil bli vurdert. 

Kommuneplanens arealdel kart - illustrasjonsfoto

INFORMASJON FRÅ ÅSERAL LEGEKONTOR

Legekontoret stengt. Legekontoret held stengt tysdag 19. og onsdag 20. Desember grunna overgang til nytt journalsystem.  

Bilete av helsehuset

Har du plass til Ingrid*?

Ingrid er ei nydelig, sprudlende og sosial jente på 13 år som trenger et fosterhjem. Hun elsker dyr, dansing og å være med venner. Hun går på skole på dagtid og har fritidsaktiviteter etter skolen.

Illustrasjonsbilete med hjerter

Alle ladestasjonar i Åseral er no i drift igjen!

Alle ladestasjonane i Åseral har den siste tida blitt bytta ut med ein anna leverandør og har difor ikkje vore tilgjengeleg i ein kortare periode. Alle skal no vere i full drift igjen!.

Bilete av ladekabel kopla til bil

Har du mista gifteringen din?

Det er funne ein giftering utanfor kyrkja i Åseral. Den har inngravert “Din Gunhild” og ein dato. Er det DU som har mista denne, eller kjenner du nokon som dette kan passe med?

Bilete av gullringen

Ljoslandsdalen utan mobildekning - igjen!

For tredje gong på berre dryge to veker er Ljosland utan mobildekning. Denne gonga skuldast det at eit tre blåste over fiberkabelen ved Løkjen under stormen sist helg. Snøfallet i går gjorde at linja til slutt gav etter. Telenor er varsla og har lova å fikse kabelen så snart som råd, men dette har diverre dratt ut meir enn forventa. Vi ber difor folk som reise til Ljosland om å vere førebudd på at dei miste dekning rett nord for Kyrkjebygd. Kommunen pusher på Telenor, men det er lite anna vi kan gjere.

Bilete av fiberbrotet (foto:Oddmund Ljosland)