Test av "Nødvarsel" - onsdag 10. januar!
Klokka 12 onsdag 10. januar 2024 blir Nødvarsel på mobil og Sivilforsvarets varslingsanlegg over heile Noreg testa i ein felles nasjonal varslingsprøve.
Klokka 12 onsdag 10. januar 2024 blir Nødvarsel på mobil og Sivilforsvarets varslingsanlegg over heile Noreg testa i ein felles nasjonal varslingsprøve.
27. mai kjem Kong Harald og Dronning Sonja på besøk til Åseral!
Dette er kjempestas, og vi gler oss veldig.
Dette er dei to viktigaste punkta å hugsa på no som dyra i skogen har tøffe forhold. Viltet, og spesielt rådyr, har det strabasiøst med dei store snømengdene som har kome. Ta omsyn slik at dyra skal sleppa stress og unødvendig løping og flukt.
Ønskjer du å starte opp med Inn på tunet?
Torsdag 7. og fredag 8. mars blir det halde kurs på Scandic Hell i Størdal i Trøndelag. Kurset er for alle som ønskjer å starta opp med Inn på tunet-tilbod i heile landet. Det er ikkje reservert for Inn på tunet Noreg SA sine medlem og krev ikkje at ein teiknar medlemskap.
Temaplan idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet med tiltaksplan 2024-2027 vart vedteke i kommunestyret 7. desember 2023. Du finn den her.
Åseral kommune yter tilskot til privatpersonar som byggjer hus for seg sjølv og sjølv bur i bustaden. Øvre aldersgrense for søkjar er 35 år. Det blir ikkje gitt tilskot til nokon form for fritidsbustader eller bustader som i realiteten nyttast som dette. Det blir heller ikkje gitt tilskot i tilfelle der det vil virke urimeleg å gi dette, for eksempel i forsikringssaker som oppbygging av hus etter brann.
I møte 7. desember vedtok kommunestyret å auke tilskottet til luft-til-luft varmepumper frå 30% til 50% av kostnaden. Kvar huseigar kan få støtte til to pumper og maks tilskott per pumpe er sett til kr 15 000.
I same sak vedtok kommunestyret å avslutte ordninga med kommunal støtte til installering av solcellepanel. Grunngjevinga for dette er at staten ved ENOVA gir støtte til slike anlegg, men med atterhald om at den statlege støtta fell bort dersom huseigaren får støtte frå andre offentlege kjelder.
Åseral bondelag har gjort avtale med Åseral kommune om organisering av skotpremie på rev skoten i Åseral. Frå og med 20. mars 2023 kan du ikkje lenger kome med reven på rådhuset.
I samsvar med kommunelova § 14-3 vert formannskapsvedtaket om forslag til Handlings- og økonomiplan 2024 – 2027 samt budsjett 2024 lagt ut til offentleg ettersyn.
Her kan du lese formannskapsvedtaket
Kommunedirektørens forslag til Handlings- og økonomiplan kan lesast her.
Stav arkitekter kunngjør på vegne av forslagstiller oppstart av planarbeid og planprogram for Ørnefjelltoppen på Ljosland.