- Til nye bustader der kommunen ikkje kan levere offentleg vatn og avløp blir det gitt tilskot på kr 300 000.
- Til nye bustader der kommunen kan levere offentleg vatn og avløp blir det gitt tilskot på kr 150 000.
TILSKOT TIL BUSTADBYGGING
Åseral kommune yter tilskot til privatpersonar som byggjer hus for seg sjølv og sjølv bur i bustaden. Øvre aldersgrense for søkjar er 35 år. Det blir ikkje gitt tilskot til nokon form for fritidsbustader eller bustader som i realiteten nyttast som dette. Det blir heller ikkje gitt tilskot i tilfelle der det vil virke urimeleg å gi dette, for eksempel i forsikringssaker som oppbygging av hus etter brann.