Ikkje bra med eigne stiar

Mange trur rådyra får det betre viss det blir køyrt opp spor med snøskuter for dei. Det stemmer ikkje. Dessutan er motorisert ferdsel i utmark strengt forbode. Du må søkja om spesielt løyve viss du skal køyra snøskuter eller ATV eller andre motoriserte farkostar i utmark.

Rådyra oppheld seg hovudsakleg i skogområde, men også i bustadområda.  Med snømengdene som er no, søkjar rådyr til brøyta vegar og oppkøyrde skiløyper der det er lettare å ta seg fram. Ein skulle tru det betre forholda for dei, men det stemmer ikkje. Dette aukar risikoen for at dyra blir skremde eller jaget av hundar. Dessutan skaper løyper og stiar også “fine forhold"  for rev og andre rovdyr, som både lettare kan lokalisera vilt og lettare fange vilt.  Eit godt råd er derfor: La naturen få lov å oppføra seg naturleg.

Hund i band

Kommunen oppmodar alle om å visa omsyn og spesielt hundeeigarar blir oppmoda på det sterkaste til å ha hundar i band. Plutseleg kan rådyr eller elg stå på stien eller vegen der du og hunden kjem. Er det noko rådyret ikkje treng, er det heilt unødvendig flukt-løping.

Hundeloven § 4 og Naturmangfoldloven § 15 har klare føresegner om sikring av hundar og unødig jaging av viltlevande dyr. Med bakgrunn i lovføresegnene skal hundar haldast i band slik forholda er no! Med heimel i hundelova § 6 anna ledd bokstav f, har kommunane også høve til å innføra forskrift om bandtvang under ekstraordinære forhold som gjer bandtvang påkravd for å verna viltet. Kommunen vurderer snøforholda og eventuell forskrift fortløpande. Inntil vidare blir oppmoda alle til å ta omsyn til viltet og halda hundar i band.

Nødmating

I utgangspunktet er det ulovleg å leggja ut fôr til ville hjortedyr (for å avgrensa spreiing av skrantesjuke). Dei er tilpassa situasjonar som dette og kan tæra på feittreservar.

Likevel kan nødfôring vera ein god idé i nokre tilfelle slik forholda er ute i skogane no. Det er mogleg å søkja Mattilsynet om løyve til kortvarig nødfôring av rådyr dersom spesielle forhold forårsakar dyrevelferdsproblem. Kommunane har inga styresmakt på dette området! Du finn informasjon hos Mattilsynet.