Kven kan få praktisk bistand?

Personar som grunna sjukdom eller andre årsaker er avhengig av hjelp til dagleglivets gjeremål kan ha rett på praktisk bistand frå kommunen.

Det vil bli gjort ei kartlegging og individuell vurdering kva hjelpa skal bestå av og kor ofte det er behov.

 

Døme på kva tenesta kan innebere;

Vanleg reingjering i dei roma som er i dagleg bruk. Med vanleg reingjering meines golvvask, vask av toalett/bad, servant, kjøkkenbenk og liknande.

Det kan òg vere støvtørking, rydde inn/ut av oppvask i oppvaskmaskin, klesvask, sengeskift eller hjelp til å bestille matvarer.

 

 

Døme på kva tenesta som hovudregel ikkje omfattar;

  • Oppgåver den enkelte kan klare sjølv
  • Rydding før reingjering
  • Reingjering under store møbler som må flyttast, samt risting av store tepper
  • Reingjering etter andre husstandsmedlem, gjester eller håndverkere
  • Nedvask
  • Vask av vindauge (ein kan få hjelp til å vaske vindauge x 2 per år, men kunn der det er greit å kome til utan bruk av stige)​
  • Arbeidsoppgåver som følge av dyrehold
  • Arbeidsoppgåver utanfor bustaden som hagestell, snørydding o.l. 

 

Dersom det bur fleire i husstanden er det forventa at dei tek sin del av husarbeidet.

Mottaker må vere heime når tenesta ytast.

Kva koster det?

Praktisk bistand regulerast ut frå kommunens gebyrregulativ, samt Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester.

For å fakturere rett sats vil opplysingar om husstandens samla nettoinntekt bli innhenta kvart år.