Målgruppe

Eldre, funksjonshemma og andre som kan føla seg utrygg ved å bu aleine.

Heimebuande som har behov for bistand/trygghet, pga. fysisk, psykisk eller sosial funksjonssvikt.

Korleis søkja?

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkja om tryggleiksalarm, eller du kan be andre hjelpe deg hvis du har behov for det. Hvis ein annan søkjer på vegne av deg, må vedkomande ha fullmakt. 

Helsedirektoratet har gitt pålegg om å registrere alle søkjarar og mottakarar av kommunale helse- og sosialtenester i et nasjonalt register, kalt IPLOS. Det inneber blant anna ei funksjonvurdering som ein del av grunnlaget for eventuelle vedtak. Søkjar har rett til innsyn i alle sakas dokumenter etter Forvaltningslovens § 18, første ledd. 

Søknad om helse- og omsorgstenester.pdf

Kva kostar det?

i 2020 kostar ein tryggleiksalarm kr. 3093,- for eit heilt år. Faktura kan sendast etter eige ønskje, kvar månad, kvart halvår eller ei gong pr år.Pris blir justert kvar år av kommunestyret.