Kven kan søke?

Det er ditt behov som avgjer om du vil kunne motta tenesta.

  • Du må ha eit hjelpebehov som skuldast sjukdom eller nedsatt funksjonsnivå.
  • Du må vera villig til å tilrettelegge for hjelp i heimen
  • Du må vera villig til å søkje om nødvendige hjelpemidler slik at heimesjukepleien kan utføre arbeidet på ein forsvarleg måte.

Er du ikkje busett i kommunen, men ynskjer å søkje om heimesjukepleie mens du oppheld deg her, er me nødt til å ha søknaden om heimesjukepleie innan ein månad før besøket. Dette gjeld spesielt hvis du har omfattande hjelpebehov , og mottek hjelp i heimkommunen din. Det er kommunen du oppheld deg i som behandlar søknaden din, og vurderer hjelpebehovet, og dette er ikkje nødvendigvis det same tilbodet som du mottek i bustadskommunen din.

Korleis søkje?

Du kan kontakta kommunen for å få hjelp til å søkje om heimesjukepleie, eller du kan be andre hjelpe deg hvis du har behov for det. Hvis ein annan søkjer på vegne av deg, må vedkomande ha fullmakt.

Helsedirektoratet har gitt pålegg om å registrere alle søkjarar og mottakarar av kommunale helse- og sosialtenester i eit nasjonalt register, kalt IPLOS. Det inneber blant anna ein funksjonsvurdering som ein del av grunnlaget for eventuelle vedtak. Søkjar har rett til innsyn i alle sakas dokumenter etter Forvaltningslovens § 18, første ledd. 

Søknad om helse- og omsorgstenester.pdf

Kva koster det?


Tenesta er gratis.