Kven kan få tenesta?

Middagsombringing er ei ikkje lovpålagt teneste, men eit behovsprøva tilbod.

Ein kan søkje om å få utlevert middag 1 - 3 dagar i veka (måndag-onsdag-fredag).

Det er heimetenesta eller frivillige som køyrar middagen heim til deg frå kjøkkenet på Åseralsheimen. For at middagen skal bli levert heim til deg må det ligge eit ernæringsmessig behov til grunn, eventuelt at utlevering skjer i kombinasjon med andre tenester.

I nokre tilfelle kan det bli fatta vedtak om middag, men at ein må ordne henting sjølv.

Når kommunen mottek søknad vil det bli gjort ei kartlegging av behov og fagleg vurdering før vedtak fattes.

Slik søker du

Du kan søke via dette skjemaet:

Søknad om tenester.pdf

Kva kostar det?

Middagsombringing er ei prisa teneste som regulerast ut frå kommunens gebyrregulativ/prisliste.

Klage

Vedtaket er eit enkeltvedtak ein kan klage på. Skriftleg klage sendast til den som har fatta vedtaket i kommunen. Kommunen har plikt til å gje naudsynt råd og rettleiing ved ei eventuell klage. Saka blir gått gjennom på nytt. I tilfelle vedtaket blir oppretthaldt, blir saka sendt vidare til Hovudutval for oppvekst og levekår i kommunen for endeleg handsaming.

Klagefrist er 3 veker frå du mottok vedtaket.