Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Nyhetsarkiv

Val av meddommarar og skjønnsmedlemmar - offentleg ettersyn

Forslag til meddommarar for lagmannsretten, tingretten og jordskifteretten vert med dette lagt ut til offentleg ettersyn jf. Domstollovens § 68.

Kommunestyret skal i møte 13. juni 2024 velje meddommarar til Agder Tingrett, Agder Lagmannsrett og Agder Jordskifterett. I tillegg skal kommunestyret fremje framlegg til skjønnsmedlemmer som vert valde av fylkestinget. 

Har du merknader eller innvendingar til framlegget, må dette meldast til post@aseral.kommune.no innan onsdag 12. juni. Valutvalet gjorde i møte 30.05.2024 slik innstilling til kommunestyret 13.06.2024:

Dommerklubbe i ein rettsal

Velkomen til folkefest 27. mai!

Ei festpynta bygd, med noregsflagg vaiande i flaggstenger og folk vinkande langs vegen - det må vel vere den perfekte måten å ta imot kongeparet når dei kjem til Åseral?
Kongeparet i sjaluppen på veg til Kongeskipet

Kulturpris og kulturstipend 2024

Under folkefesten på 17. mai blei Åseral kommune sin kulturpris og kulturstipend delt ut. 

Gratulerer!

Emil Orthe og Kari Røynlid, mottakarar av Åseral kommune sitt kulturstipend og kulturpris 2024

17. mai program 2024

Velkomen til 17. mai feiring i Åseral! 🇳🇴
Her er programmet for dagen.

17 mai bil-1

Program for Kongeparets besøk i Åseral

Velkomen til Hans Majestet Kong Harald og Hennes Majestet Dronning Sonja sitt fylkesbesøk i Agder 26.–27. mai 2024!

Kongeparet besøker Åseral kommune den 27. mai. Her vil Kongeparet og innbyggjarar i alle aldre få oppleve smakebitar frå eit rikt og mangfaldige aktivitets- og kulturtilbod i kommunen.

Her finn du programmet for besøket:

Kongeparet i sjaluppen på veg til Kongeskipet

Spørjeundersøking om bustad

Det arbeidast med bustadplan for Kyrkjebygd sentrum.

For å få status på kva innbyggjarane har behov for, no og i framtida, har kommunen sendt ut ei spørjeundersøking om bustadsituasjonen til alle innbyggjarane i kommunen (dei som fyllar 16 år i løpet av året og oppover). Spørjeundersøkinga vil vere med å danne grunnlag for det vidare arbeidet med utviklinga av Kyrkjebygd sentrum. Du har fått varsel på sms og e-post med lenke til undersøkinga. Dei som ikkje kan svare digitalt kan hente papirutgåve på rådhuset i åpningstida.

For at kommunen skal få eit godt bilete av kva behovet er, er det viktig og ønskeleg at alle tek seg tid til å svare.

Alle som svarar på undersøkinga kan bli med i trekninga av 5 gåvekort på Coop Prix Åseral på kr. 1.000,-. Vilkåret er at du legg inn e-post adressa di. Frist for å delta er 14.mai.

NB! Grunna teknisk feil så blei det sendt ut 2 e-postar tysdag 30.april, men det er den siste som gjeld/fungerar.

Leilegheitsbygg i Birkeland sentrum, foto Kari Røynlid