Transport og parkering
Sentrum vil vere stengt for parkering heile dagen. Det er ope for gjennomkøyring, med unntak av når kortesjen kjem og reiser, samt når Garden marsjerer.
Vi oppfordrar til å være ute i god tid.
Når Garden har spilt ved Åseralsheimen er det offisielle programmet ferdig. Frå idrettsplassen er det ein liten spasertur bort til parkeringa på Toddemonen. Det blir og skyttelbuss frå idrettsplassen til parkeringsplassen om nokon treng det.
Arrangementet på Minne kultursenter | Toalett | Mat | Paraply
Kongeparet kjem til Minne kl. 11:30 og blir teke i mot ved hovudinngong.
Sjølve arrangementet blir på framsida av Minne (i hagen). Det blir tettpakka program med musikk, dans og talar.
Det blir ikkje høve for publikum å komme inn på kultursenteret under besøket. Publikumstoalett er på Betania og Bedehuset.
Det blir servering av kake og ein liten matbit til alle besøkande i hagen på Minne kultursenter frå 09:30-11:00. Oppfordrar alle til å vere på plass til klokka 11.00 og finne seg ein plass. Det blir ikkje sett ut stolar i hagen, så eit tips er å ta med sitjeunderlag.
Vêrmeldinga seier at det kan bli fuktig i morgon. Dersom regn ber vi folk om å ikkje nytte paraply då dette vil sperre for utsikta til andre. Finn fram regntøyet heller (det finns som kjent ikkje dårleg ver…)
Kongeparets bilkortesje køyrer frå Minne 13:15. Dei køyrer om Åseralsheimen og barnehagen.
Streaming
Heile arrangementet blir strøyma direkte på Minne kultursenter sin facebook.
Betania blir ope heile dagen, og her blir det rigga med streaming på storskjerm.
Garden
HMK Garde stiller opp og marsjerer frå kyrkja til idrettsplassen kl. 13:25.
Publikum oppfordrast til å henge seg på bak garden, som i eit langt 17. mai-tog.
Drilltroppen til HMK Garde har oppvisning på fotballbanen så snart dei an-kommer. Her er det viktig at folk ikkje stiller seg opp på sjølve fotballbanen.
Etter drilloppvisning går garden same rute tilbake, og har ein stopp ved Åserasheimen der dei har eit musikalsk innslag.
Vi oppmodar alle til å heise flagget og bli med på denne festdagen i Åseral!
Program for dagen
Klokkeslett | Aktivitet |
11:30 | Kongeparet ankommer Minne kultursenter og ønskes velkommen av statsforvalter, ordfører og politimester |
Kort filmfremvisning for Kongeparet i kinosalen inne på Minne kultursenter | |
11:45 | Kongeparet ledsages til paviljongen |
Musikalsk innslag ved elever i ungdomsskolen: Ingvild Foss Forgard, Gunvor Ljosland, Kristina Arnesen, Martine Gundersen og Andine Telhaug er forsangere. | |
Åpning av programmet ved konferansierene Olevine Austrud og Kari Tøsse Øyulvstad | |
Ordfører Inger Lise Lund Stuliens hilsen til Kongeparet | |
Lokal folkemusikk ved Marit Haug Røynlid og Kari Røynlid stev og reinlender fra Åseral (trad. etter Gunnar Austegard) | |
H.M. Dronningens tale | |
Danseoppvisning ved kulturskolelærer Tetiana Soloviova og medlemmer av dansegruppe | |
Åseral snøscooterklubb forteller. Ved styreleder Tom Handeland i Åseral snøscooterklubb | |
Folkemusikk (munnharpe) ved Emil Orthe | |
Kåseri: «Åsdølen på fem minutter» ved Espen Bentsen Øyulvstad | |
Kort informasjon om slottsutstillingen og kulturskolen | |
Musikk ved Viåsen jaktlag «Ein Jeger Veit Godt» | |
Informasjon om lokalt engasjement i lag og foreninger, samt fortelling og demonstrasjon av mat som blir servert, ved Eva Åsland | |
Takk for besøket og for oppmøtet! | |
Folkemusikk: Fele, munnharpe og sang (melodi: «Adam uti paradis»), ved Marit Haug Røynlid, Emil Orthe og Kari Røynlid | |
Kongeparet ledsages av ordfører inn på kultursenteret, og hilser på Gudrun Austegard og John Madland | |
13:15 | Bilkortesje kjører fra Minne om Åseralsheimen og barnehagen |
13:25 | Planlagt oppvisning av Hans Majestet Kongens Garde |
Endring i programmet kan førekomme.