Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Nyhetsarkiv

Vaksinering hausten 2024

Det blir åpent på Legekontoret for influensa- og covidvaksinering måndag 21. oktober frå klokka 12-15 og onsdag 23. oktober frå kl. 9-11.30 og kl. 12.30-15.00. 

Det blir òg mogleg å få sett vaksiner på Open dag  på Åseralsheimen tysdag 29. oktober.

Det er ikkje naudsynt å bestille time. 

Influensavaksina kostar kr. 200, Covidvaksine er gratis. 

Illustrasjonsfoto: FHI

ÅRETS TV-AKSJON 20.10.2024

Årets TV-aksjon er tildelt Barnekreftforeningen, og skal gå til å etablera familiehus nær universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Her kan born med alvorleg sjukdom og familiane deira bu saman medan barnet får behandling. Familiar unngår å verta splitta sjølv om dei bur langt frå sjukehusa.

TV-kampanjen har fått tittelen «SAMMEN FOR SMÅ HELTER».

Her i kommunen vil innsamlinga gå føre seg sundag 20. oktober frå kl. 15:30 og utover.

Har du ikkje kontanter kan du betale med VIPPS til bøsseberaren. Det er ein QR-kode på bøsseetiketten, og når den skannes blir beløpet med på oversikta for Åseral kommune. For å fylgje med på TV-aksjonen fortløpande: www.giverstafett.no

Me vonar DU vil støtte opp om TV-aksjonen !

TUSEN TAKK FOR DITT BIDRAG!

Formannskapet er akjonskomite

Justering av regelverket for tilskott til næringslivet

Kommunestyret vedtok i siste møte før sommarferien (sak 36-2024) ulike endringar i regelverket for tilskott til næringslivet.  I saksframstillinga blei fleire næringspolitiske strategiar drøfta og tatt stilling til.

Formannskapet gjorde framlegg om endringane etter samråd med næringsrådet.

Nedanfor er hovudendringane og bakgrunnen for kommunestyrets vedtak lista opp.

Kommunelogo Åseral

AVLYST ALLEMED-dugnad

Me må dessverre informera om at den planlagde ALLEMED-dugnaden den 11. september må avlysast på grunn av få påmelde. Me set stor pris på engasjementet til dei som melde seg på, og håpar på betre oppslutning ved neste høve.
exclamation-point-2620923_1280