Statens Kartverk har vedtaksrett for skrivemåten av m.a. naturnamn. Før dei gjer vedtak, har kommunen rett til å uttala seg. Lokale organisasjonar har rett til å uttala seg om skrivemåten av namn som dei har særleg tilknyting til.
Etter lova skal skrivemåten fastsetjast med utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen av namnet. Difor bed me om at alle som uttalar seg, opplyser kva som er den lokale dialektuttalen. Dersom namnet vert uttalt på ulike måtar, bed me om å få opplyst dei forskjellige uttaleformene.
Alle høyringssvar sendes til post@aseral.kommune.no. (evt. Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 Åseral) Merk svaret med sak nr: 24/00357
Frist for svar vert sett til 01.11.24
Syner elles til vedlagt brev frå Statens kartverk datert 21.08.24.
Har du spørsmål til saka, ta kontakt med Odin Refsnes på tlf: 976 48330