Kommunal kompensasjonsordning, runde 6. – Åseral kommune
Bedrifter i Åseral kommune som er rammet av smitteverntiltak kan søke om støtte.
Bedrifter i Åseral kommune som er rammet av smitteverntiltak kan søke om støtte.
Kommuneoverlegen har fatta følgande hastevedtak som vil vere gjeldande frå torsdag 06.01.2022. kl 08.00 og gjeld fram til torsdag 13.01.22 kl 08.00.
Smittekarantene for personar under 18 år
Karantenereglane i covid 19-føreskrifta § 4i skal også gjelde for personar under 18 år. Det tyder at det ikkje blir gjeve unntak frå smittekarantene for personar under 18 år. For fritak elles gjeld dei nasjonale reglane. Testing etter retningslinene for gjennomføring av smittekarantena kan skje ved sjølvtest eller hurtigtest gjennomført av helsepersonell.
Kommunale avgifter blir nå sendt ut kvar månad.
For januar, februar og mars blir det feie/kontrollavgift, abonnement og målarleige.
I april blir det årsoppgjer for 2021, frå mai likt beløp kvar månad i 2022.
Dei som kun har feie/kontrollavgift får faktura i april.
Det siste døgeret er det registrert 4 nye smitta personar i Åseral. 1 av desse er stadfesta gjennom PCR test medan dei 3 andre er gjennom hurtigtester. Dette betyr at vi per i dag har 5 personar i isolasjon og 17 personar i karantene. Alle nærkontakter skal vere kontakta. Dei 2 tilfella som er stadfesta via PCR (sundag kveld og i dag) er begge smitta av omikron-varianten.
Agder fylkeskommune og Sparebankstiftelsen SR-bank har invitert alle kommunane i Agder til å bli med i eit felles prosjekt der målet er å etablere ei dagsturhytte i kvar einskild kommune innan 2025. Alle kommunane i Agder har takk ja til tilbodet, også vi i Åseral. Hensikta med dagsturhytte er å få fleire ut på tur i kvardagen og målet er å få fleire til å drive med friluftsliv, bli meir fysisk aktiv og få gode naturopplevingar.
Vi har ein positiv hurtigtest sundag kveld. 1 person er sett i isolasjon og 15 personar er sett i karantene. Alle nærkontakter er kontakta og har gjennomført test.
Åseral ligg noko etter landsgjennomsnittet når det gjeld personar som er vaksinert. For dose 1 er snittet i landet på 92,5% over 18 år medan talet for Åseral er 85,9 %. For dose 2 er snittet i landet på 89% medan talet for Åseral er 84,1%. Under finn dykk tala som er henta ut idag når det antal vaksinerte i Åseral. Når det gjeld dose 3 så vart heile 130 personar vaksinert med denne i går.
Har du ikkje blitt vaksinert endå? Ta kontakt med legekontoret og det blir fiksa!
Kommunen har ikkje hatt nokon nye smittetilfelle i romjola og har heller ingen personar i karantene. Vi held difor fram med rapportering ei gong i veka dersom det ikkje er ny smitte.
Har du spørsmål om testing ta kontakt på koronatelefonen som blir bemanna i jola - Telefonnummer: 907 94 990
Kommunestyret i Åseral vedtok i møte den 9. desember 2021 å løyve kr 2000 til kvar innbyggar i kommunen som ein kompensasjon for dei høge straumutgiftene. Hugs at fristen for å registrere deg er 31. desember 2021!
Kommunen mottok i dag melding om at ein tilsett på skulen som ikkje er busett i kommunen har testa positivt på korona etter siste skuledag på tysdag. Den tilsett og alle nærkontakter er fulgt opp og aktuelle sett i karantene.
Har du spørsmål om testing ta kontakt på koronatelefonen som blir bemanna i jola - Telefonnummer: 907 94 990