VEDTAK

Heimel: Fastsett av kommuneoverlegen i Åseral og Hægebostad kommunar med heimel i lov av 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsame sjukdommar (smittevernlova) § 4-1

§ 1. Føremål

Føremålet med vedtaket er å avgrense spreiing av SARS CoV-2 i ein periode med sterk auke av smitte med omikron-variant i lokalsamfunnet, og slik sikre forsvarleg kapasitet i kommunale helsetenester og i skule/barnehage, særleg, men og i øvrige samfunnskritiske oppgåver.

§ 2. Virkeområde

Vedtaket gjeld for alle som oppheld seg i Åseral og Hægebostad kommunar.

§ 3. Relasjon til anna lovverk

Reguleringa i dette vedtaket kjem i tillegg til dei reguleringane som følger av lov, nasjonale føreskrifter og andre lokalt fastsette tiltak mot smitte. Ved motstrid mellom dette vedtaket og nasjonalt regelverk, går vedtaket framfor fråvikelege reglar i lov og nasjonal føreskrift.

§ 4. Smittekarantene for personar under 18 år

Karantenereglane i covid 19-føreskrifta § 4i skal også gjelde for personar under 18 år. Det tyder at det ikkje blir gjeve unntak frå smittekarantene for personar under 18 år. For fritak elles, gjeld dei nasjonale reglane. Testing etter retningslinene for gjennomføring av smittekarantena kan skje ved sjølvtest eller hurtigtest gjennomført av helsepersonell.

§ 5. Ansvar

Åseral og Hægebostad kommunar tar ikkje på seg økonomisk ansvar som følge av pålagte tiltak i dette vedtaket.

§ 6. Ikraftsetting

Vedtaket trer i kraft torsdag 06.01.2022. kl 08.00 og gjeld fram til torsdag 13.01.22 kl 08.00.

Saksutgreiing
Det er no ein situasjon med sterkt aukande covid-19-smitte nasjonalt, der omikronvarianten er dominerande. Det er smitte i alle aldersgrupper, også under 18 år. I våre kommunar er det bekymringsfullt at nokon av desse barna har svært mange nærkontaktar. Fleire av deira husstandskontakter er tilsette innan kommunal drift, som dermed blir skadelidande når dei må takast ut i karantene. Vi observerar og at mange ungdommar er sosialt aktive med ei rad kontaktar, sjølv om dei er definerte som nærkontaktar. Det syner seg at hurtigtesting ikkje er tilstrekkeleg til å hindre at desse fører smitten vidare slik at kommunetilsette kjem i karantene, og kommunen si evne til å yte tenester blir dårlegare.

Utfyllande om vedtaket
Med bakgrunn i ovanståande, vurderar kommuneoverlegen det som nødvendig å innføre ein kort periode med karantene for barn under 18 for å bremse smittespreiinga slik at kommunen klarar å oppretthalde nødvendige tenester til befolkninga.

Karantenen skal praktiserast som følgande:
Karantenereglane i covid 19-føreskrifta § 4i skal også gjelde for personar under 18 år. Det tyder at det ikkje blir gjeve unntak frå smittekarantene for personar under 18 år. For fritak elles gjeld dei nasjonale reglane. Testing etter retningslinene for gjennomføring av smittekarantena kan skje ved sjølvtest eller hurtigtest gjennomført av helsepersonell.

Juridisk grunnlag: 
Smittevernlova § 1-5, Grunnleggende krav ved iverksetting av smitteverntiltak, lyder:

Smitteverntiltak etter loven skal være basert på en klar medisinskfaglig begrunnelse, være nødvendig av hensyn til smittevernet og fremstå tjenlig etter en helhetsvurdering. Ved iverksettelse av smitteverntiltak skal det legges vekt på frivillig medvirkning fra den eller de tiltaket gjelder.

Tvangstiltak kan ikke brukes når det etter sakens art og forholdene ellers vil være et uforholdsmessig inngrep.

Smittevernloven § 4-1 første ledd bokstav b lyder, og femte ledd, Møteforbud, stenging av virksomhet, begrensning i kommunikasjon, isolering og smittesanering lyder: 

Når det er nødvendig for å førebygge en allmennfarleg smittsam sjukdom eller for å motvirke at han blir overført, kan kommunestyret vedta: 

b) stenging av virksomheter som samler flere mennesker, f.eks. barnehager, skoler, svømmehaller, flyplasser, butikker, hoteller eller andre bedrifter og arbeidsplasser – eller begrensninger i aktiviteter der, 

Den som har sett i verk tiltaket, skal straks oppheve vedtaket eller begrense omfanget av det når det ikkje lenger er nødvendig. I hastesaker kan kommunelegen utøve det mynde som kommunestyret har etter denne paragrafen. 

Kommuneoverlegen sin vurdering 
Det er ein alvorleg smittesituasjon nasjonalt. Lokalt har vi og aukande Covid-19 smitte av omikrontype, samtidig som vi har smitte av omgangssyke og annan luftvegssjukdom. Dette medfører høgt fråver av fast tilsette, noko som er svært problematisk dersom det kjem Covid-19 relatert fråver, fordi muligheten for å få inn vikar er svært begrensa både i helsetenesta og skule/barnehage.

Regjeringa innførte den 14.12.21 strenge nasjonale tiltak for å redusere smitten. Det blei mellom anna innført nye nasjonale karantenekrav for nærkontaktar og hustandsmedlemmar/tilsvarande nære. Barn under 18 som er nærkontakt til en smitta, er imidlertid ikkje omfatta av nye nasjonale karantenereglar, og det vil derfor normltl ikkje vere karantenekrav ved nærkontakt for denne gruppa.

For å gjenvinne kontroll med smittespreiinga, ser kommuneoverlegen få andre muligheter enn å innføre ein tidsavgrensa periode med karantene for personar under 18 år slik det står i vedtaket.

Kommuneoverlegen meiner at nødvendighetskravet i smittevernlova er oppfylt. Vedtaket vurderast også som forhaldsmessig og tenleg etter ei heilheitsvurdering.

Eit tiltak med kort varigheit vil ha få eller ingen negative konsekvensar for dei barna som blir ilagt karantene.

Av positive konsekvensar vil det gje bremsing av virusspreiing, og gjøre at færre kommunetilsette må takast ut i karantene. Ein oppnår då betre kontinuitet i kommunale tenester.

Vedtaket i fulltekst