Frist for å sende inn registreringsskjema for straumtilskot 2021 er 31. desember!
Kommunestyret i Åseral vedtok i møte den 9. desember 2021 å løyve kr 2000 til kvar innbyggar i kommunen som ein kompensasjon for dei høge straumutgiftene. Hugs at fristen for å registrere deg er 31. desember 2021!
Alle husstander mottok før jol eit brev i postkassa med skjema og svarkonvolutt, men mest ynskjar me at det vert søkt digitalt. For å kunne få tilskot må du vere folkeregistrert med bustadadresse i Åseral per 1. desember 2021. Fristen for å kunne levere inn skjema er 31. desember 2021. Du vil finne meir informasjon ved å gå inn på registreringsskjemaet.