Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Nyhetsarkiv

No er vassmagasina i Åseral i ferd med å bli fulle!

Mykje nedbør den siste månaden gjer at vassmagasina i Åseral no er i ferd med å bli fulle. Dette vil føre til større flaumfare den næraste tida. Det er difor viktig å tenke på kor ting er plassert så ikkje dei skal bli teke av ein eventull flaum. Rundballer er erfaringsmessig utsett, men og andre ting må sjåast etter. Sjekk og at vatnet renn fritt i bekker og grøfter.

Flaumen 2016

Kortstokk med motiv frå Åseral

Endeleg er den her! Frå januar til juni i år hadde vi gåande ein fotokonkurranse der målet var å lage ein kortstokk med 52 motiv frå Åseral.
bilete av kortstokk med motiv frå Åseral

Eigenberedskapsveka 2022

Dersom vi blir ramma av ei krise som kutter straumen eller vatnet til bustaden din, må du vere førebudd på å klare deg med det du har. Er du førebudd? Denne veka er det eigenberedskapsveka som sett søkeljoset på dette. 

Du kan lese meir om korleis du kan førebu deg her: https://www.sikkerhverdag.no/​ 

Illustrasjonsfoto eigenberedskap

Feil i kommunen sitt fakturasystem

Det har blitt ein feil i vårt fakturasystem, vedk. kommunale avgifter. Det er nokre som ikkje har fått faktura for oktober før nå.

Faktura for november vil bli sendt ut i veke 45.

Dei som nå har fått ein forsinka faktura for oktober, vil få ein kort betalingsfrist for november.

Beklager ulempene dette medfører!

Faktura

Offentleg ettersyn - Åseral kommune sin samfunnsdel 2022 - 2034

Formannskapet i Åseral kommune vedtok i møte den 27.10.2022 følgjande:
Åseral kommune legg jamfør plan- og bygningslovas § 11-14 ut kommuneplanens samfunnsdel 2022 – 2034 ut til offentleg ettersyn, i tråd med endringar gjort i formannskapet 27.10.2022.

 

Artikkelbilde Offentleg ettersyn

Straumstøtte til private næringsverksemder i Åseral

Kommunestyret vedtok i møte den 18. oktober å løyve straumstøtte til private verksemder (sak nr. 41/22)

Tidsrommet det kan søkast støtte for er delt i to periodar: 01.04.22 – 30.09.22 og 01.10.22 – 31.12.22

Det vart i same møte vedteke straumstøtte til hushaldningar. Søknadskjema og føresetnader for dette vil kome innan kort tid.

Fristen for å søkja om støtte for perioden 1. april  - 30. september er allereie 15. november.

Sikringsskap (illustrasjonsfoto)

Kommunal straumstøtte

Kommunestyret i Åseral kommune fatta i ekstraordinært møte 18.10.22 vedtak som følgjer:

illustrasjonsbilete straumstøtte

Innbyggjarundersøking

Alle innbyggjarar i setesdalsregionen, som Åseral er ein del av, vert invitert til å delta i ein spørjeundersøking om reiseliv og berekraft. 

illustrasjonsbilde spørreundersøkelse