Kven kan få støtte?

  • Verksemda må ha eige straumabbonement.
  • Landbruksverksemder som har fått tilsvarande statleg støtte kjem ikkje inn under den kommunale ordninga.

Bruk det vedlagte søknadsskjemaet for å registrere deg og melde inn forbruk. Det er forbruket i kWt kommunen må få opplyst, ikkje kronebeløpet du har betalt. Støtta vil bli rekna ut frå gjennomsnittsprisen for straum i vårt område i dei aktuelle månadene.

Send samstundes inn kopi av straumrekningane.

Hovudutvalet for drift og utvikling vil avklara eventuelle problemstillingar.

Har du spørsmål om støtta?  Ta kontakt med kommunen ved Øyvin Moltumyr (tel 911 36 483 eller epost: oyvin.moltumyr@aseral.kommune.no)

SØKNADSSKJEMA