Ope kvar dag heile sumaren!

Tradisjon tru held Minne ope kvar dag heile sumaren. 

Kaffistova sel kompe, rjomegraut, pizza, kaffi, slush, smoothie, is, cookies, donuts, frappe med meir kvar dag! Her kan du altså få både varm mat og kald dessert gjennom heile sumaren.

På Minne finn du og turistkontoret i Kyrkjebygd. Ta gjerne turen innom og få med deg gode tips til turar og aktivitetar rundt om i heile kommunen.

Ny utstilling

Unike bilete frå Lord Salvesen si tid som aldri har vore vist før er stilt ut i peisestova på Minne. Det er og laga korte dokumentarfilmar om Lordens virke, med hovudfokus i Mandal. 
Filmane er ein del av utstillinga og blir vist kvar dag. 

Sjå film på Minne

Her på Minne finn du lokalhistorie i form av utstillingar med tilhøyrande dokumentarfilm. 
Denne sommaren viser vi eit utval av filmane til faste klokkeslett kvar einaste dag. 

10:30     Pandemien som skaka verda kom og til Åseral og Hægebostad
11:30     Utvandringa frå Åseral til Amerika
13:00     Gardsliv i Åseral
15:00     I Lordens fotefar

10:30 Pandemien som skaka verda kom og til Åseral og Hægebostad
2023  |  40 min  |  Samarbeidsprosjekt med Åseral bibliotek og Hægebostad bibliotek
Biblioteka i Åseral og Hægebostad samarbeida om prosjektet «Biblioteket som historieforteljar». Tida med koronapandemi går inn i historiebøkene. Dette er ein film med innbyggjarar og bedrifter i dei to kommunane, der fleire er intervjua om korleis dei lokalt opplevde pandemien.

11:30 Utvandringa frå Åseral til Amerika
2021  |  65 min
Utvandringa til Amerika blei redninga for mange menneske frå Agder. Berre frå Åseral var det over tusen personar som reiste vestover før fyrste verdskrig. I forbindelse med dette er det blitt laga to dokumentarar som begge omhandlar utvandringa til Amerika, men i forskjellige tidsepokar.

13:00 Gardsliv i Åseral
2023  |  75 min  |  Samarbeidsprosjekt med Åseral bondelag, Åseral sogelag og Åseral kommune v/Minne kultursenter
Gjennom intervju, bilete og filmklipp syner filmen gardslivet slik vi kjenner det i dag og slik det ein gong var. Tidsepoken er frå siste del av 1800-talet fram til i dag. Filmen viser blant anna utviklinga frå hakke og hest til traktor og automatisering, samt oppbevaring av mat til menneska og til husdyra. 

15:00 I lordens fotefar
2017  |  55 min 
Langt inne i fjellheimen ligg Lordehytta attmed Vivatn. Her var det at Lord Salvesen på byrjinga av 1900 talet bygde seg sitt eige jaktslott, i ei tid lenge før snøscooter og helikopter. Her var det hest og kjerre eller klyving som vart nytta. Hytta vart bygd i Mandal og frakta heile vegen opp i nummererte deler. 

Vaksen (16+): 80,-
Ungdom (12-16 år): 40,-
Born under 12 år: Gratis
Billett kjøpast i døra. 

Bornas dag og demodag 6. juli

Velkomen til sumarens gøyaste familiedag på Minne! 

Klokka 12:00 blir det sirkusshow med Jan Larsèno!
 
Det blir konkurransar for både store og små, og som vanleg vil det vere forskjellige stand og aktivitetar denne dagen. 
Jæren toppmat, Hodne gardsutsal, Åseral husflidlag, Emil Orthe og brannbilen kjem.

Kulturpatrulja 12. juli

Gratis konsert kl. 14:00
Kulturpatrulja bringar ekte setesdalskultur med stev, spel og dans frå unge lokale musikarar med glimt i auga ut til folket!

Veteranbilhelg - 13. og 14. juli

Denne helga vil Kyrkjebygd bugne av veteran- og amcarbilar, det blir gudsteneste, dans, trekkspillmusikk, samlarmesse, mykje god mat og kake, og ikkje minst god stemning!

Laurdag 13. juli:
- Antikk og samlarmesse i fleirbrukshallen
- Ljosland fjellstove sel mat i kantina på skulen

Sundag 14. juli
- Veteranbilgudsteneste i Åseral kyrkje klokka 11:00
- Hægebostad trekkspilklubb speler opp til dans på Minne klokka 14:00
- Antikk- og samlarmessa i fleirbrukshallen er ope frå 11:00-17:00

Naturlostur til Rjukanlia 21. juli

21. juli er det naturlostur til Rjukanlia i Kyrkebygd - der det første kraftverket i Åseral stod
Før turen blir det vist film om Gardsliv i Åseral kl. 11.00 på Minne. Etter filmen blir det orientering om det gamle kraftverket. 
Så går turen til Rjukanlia, først på asfaltvei, så sti og så over elva på steiner til inntaksdammen for kraftverket. Vi følger «den gamle rørgata» fra inntaksdammen til der kraftverket stod. Vi går over elva, følger denne nedover til vi kommer på sti langs elva og på asfaltvei tilbake til Minne. Gode tursko anbefales. 

Lengde: 4 km på vei og sti i ulendt terreng 
Område: Kyrkjebygda, Åseral 
Møtested: Minne kultursenter Tid: 11.00 (film)/12.00 (naturlostur) 
Naturlos: Arna Berg 
Arrangør: Åseral kommune 
Telefon: 905 00 467 
Pris: Kr 80,- for å se filmen, turen er gratis.