Alle nye brukarar som ynskjer plass i løpet av barnehageåret 2023/2024 søkja innan fristen. Barnet må vere fødd før ein søker barnehageplass. Dersom barnet ikkje er fødd innan søknadsfrist til hovudopptak, kan ein søke barnehageplass ved suppleringsopptak gjennom barnehageåret når barnet er fødd.

Dei barna som har barnehageplass pr. dags dato og ikkje har behov for å endre barnehageplassen treng ikkje søke på nytt. Ved opptak får barn barnehageplass frå opptakstidspunkt og fram til skulestart dersom foreldre ikkje sjølv seier opp eller endrar barnehageplassen. Dette gjeld barn som bur i Åseral. Dersom nokon ønskjer å endre på barnehageplassen dei har pr. dags dato skal dei logga seg inn på min side i oppvekstportalen (https://aseral.ist-asp.com).

 

Når alle søknadane er komne inn blir barnehageåret planlagt med samansetjing av grupper og arbeidsordning for personalet. Det er difor viktig at søknaden går på det reelle behovet for barnehageplass.

 

NB!

Søknaden skal sendast inn i oppvekstportalen (https://aseral.ist-asp.com) for Åseral som ein finn på www.aseral.kommune.no innan 1. mars 2023. Ein kan få hjelp til å fylle ut søknadsskjemaet i servicekontoret til kommunen, tlf. 382 85 800 eller ved å ta kontakt med barnehagen, tlf. 950 20 332.

 

Søknad om reduksjon i foreldrebetaling for barnehageåret 2023-2024.

Det er to nasjonale ordningar for reduksjon i foreldrebetaling. Begge ordningane tok til i 2015 med utviding for 2 åringar frå 2019. Frå august 2021 er det mogeleg å søke på ordninga om redusert foreldrebetaling og gratiskjernetid for 2-, 3-, 4- og 5- åringar. Søknaden gjeld for eitt barnehageår. Dersom ein søkar etter fristen vil endring i betaling gjelde frå påfølgjande månad.

 

Dersom maksprisen er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til hushaldet, skal du ha redusert pris. Ordninga går ut på at ingen skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si til barnehagen.

 

Begge desse ordningane har søknadsfrist 15. mai 2023 for å kunne handsamast slik at rett pris for barnehagetilbodet skal vere klart til oppstart av nytt barnehageår 15. august 2023.