| Kalender | Kommande aktivitetar | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
|
- På framsida
- Varsling / kunngjering
- Kulturnytt
- Andre nyhende
Kommunal planstrategi for Åseral
15.05.2012 Varsling/Kunngjering

Kommunalutvalet handsama i møtet 15.mai.2012 forslag til kommunal planstrategi for Åseral. Kommunal planstrategi er eit nytt verktøy i plan- og bygningslova. Føremålet er å klargjera kva planoppgåver ...
Les mer...Nasjonale lånekort
11.05.2012 Kulturnytt

På biblioteket kan du no få nasjonalt lånekort. Anten oppdaterer vi ditt gamle kort, elles gjer videg eit nytt. Med dette får du ein pin-kode, slik kan du søkje og bestille materiale frå andre bibliotek ...
Les mer..."Agder-Rundt" - Ei vandreutstilling
11.05.2012 Kulturnytt

Tysdag 15. mai opnar Åseral folkebibliotek sin del av vandreutstillinga 2012 i Agder – «Agder-Rundt». Det heile starta med ein koffert i Tvedestrand 6. januar. Dernest var han i gong med si ferd gjennom...
Les mer...17. mai programmet for Åseral
11.05.2012 Kulturnytt

Programmet for 17. mai tek til med familiegudsteneste i Åseral Kyrkje kl 11:00. Dagen held fram med eit fullspekka program fram til folkefesten tek til kl 18:30. Sjå heile programmet her
Les mer...Varsel om rullering av handlingsprogram i kommunedelplan for idrett og…
07.05.2012 Varsling/Kunngjering

Kommunen sender med dette varsel om rullering av handlingsprogram i eksisterande "Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet" for perioden 2012-2015. Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivi...
Les mer...Kommunal planstrategi for Åseral
Kommunalutvalet handsama i møtet 15.mai.2012 forslag til kommunal planstrategi for Åseral. Kommunal planstrategi er eit nytt verktøy i plan- og bygningslova. Føremålet er å klargjera kva planoppgåver kommunen skal prioritera for å legge til rette for ønskja utvikling i kommunen. Kommunal planstrategi er retningsgivande for prioritering av planoppgåvene.
Forslag til kommunal planstrategi for Åseral kan du sjå her
Det er kommunestyret som skal vedta den kommunale planstrategien. Etter planen skjer dette i møtet 28. juni 2012.
Varsel om rullering av handlingsprogram i kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet
Kommunen sender med dette varsel om rullering av handlingsprogram i eksisterande "Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet" for perioden 2012-2015. Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet skal bidra til å:
To nye utrykningskøyrety til Åseral
Denne veka har vore noko spesiell for Åseral. Fyrst kom det ein flunkande ny ambulanse på plass i garasjen på helsehuset. Dagen etter kom Sivilforsvaret med ein brannbil som no skal stasjonerast i kommunen. 2 nye utrykningskøyrety på 2 dagar gjer at beredskapen aldri har vore betre i Åseral.
Nasjonale lånekort

På biblioteket kan du no få nasjonalt lånekort. Anten oppdaterer vi ditt gamle kort, elles gjer vi
deg eit nytt. Med dette får du ein pin-kode, slik kan du søkje og bestille materiale frå andre bibliotek over heile landet så lenge du har ein pc og internett tilgjengeleg.
Sjå etter det rosa banneret på framsida: eit samla søkjeverkty for alle biblioteka i Agder.
Filmar, ljodbøker, musikk, teikneseriar og bøker – vel Åseral som
hentebibliotek, så får du beskjed frå oss når materialet kan hentast her.
Levering igjen kan skje kor som helst i Agder, der du enn måtte opphalde deg. Betre
tilgjengelegheit skal du leite lenge etter!
Dei ti fyste som opprett nasjonale lånekort får eit solid og praktisk bærenett, så kan du lett låne meir!
"Agder-Rundt" - Ei vandreutstilling

Tysdag 15. mai opnar Åseral folkebibliotek sin del av vandreutstillinga 2012 i Agder – «Agder-Rundt».
Det heile starta med ein koffert i Tvedestrand 6. januar. Dernest var han i gong med si ferd gjennom
Agders 30 kommunar, for så å avslutte på Lindesnes Fyr sundag 2. desember. Med
i kofferten følgjer ei tekst utvald frå kvar kommune, alle samla i ein perm.
Åseral har vald ei humoristisk tekst som vart publisert i samband med opninga
av festivaltoalettet for Eikerapen Roots festival i 2009. Teksten finn du her.
Gruppe for pårørande!
Vi starter opp med samtalegruppe for pårørende til mennesker med psykiske lidelser og/eller rusproblematikk. Gruppetilbudet er interkommunalt. Pårørende har ofte vært ei nedprioritert gruppe, noe vi ønsker å gjøre noe med. Hensikten vil være å dele erfaringer, gi hverandre støtte og å ha en arena for å snakke ut om et ellers vanskelig tema med andre i tilsvarende situasjon.



