Nye retningslinjer i 2024

23.04.2024 vedtok hovudutval for oppvekst og levekår nye retningslinjer for tildeling av det som tidlegare har vore kalla «tilskot til kulturarbeid». 

Kommunestyret har løyva ein pott på kr. 100 000,- til dette tilskotet, og det er vedteke å dele det opp i to: driftstilskot og kulturtilskot. 

Søknadsfristen er som den har vore i alle år: 1. november. Det blir annonsert i god til før søknadsfristen.

Fullstendige retningslinjer kan du lese under.

Det er eit par ting som er greitt å merke seg om ein skal søke om driftstilskot:

  • Laget/foreininga må vere registrert i kommunen sin foreiningsportal (aseral.foreiningsportal.no). Er du ukjent med portalen kan du ta kontakt med Tonje Kallhovd for hjelp: tonje.kallhovd@aseral.kommune.no 
  • Saman med søknaden må det leverast aktivitetsplan (liste over gjennomførte og planlagde aktivitetar inneverande år) samt medlemsliste med fødselsår/alder.

Driftstilskot

Føremål: 
Føremålet med tilskotet er å bidra til at innbyggjarar i Åseral har eit godt og variert kultur- og fritidstilbod. Driftstilskotet gis som eit bidrag til å dekke foreininga sine kostnadar knytt til ordinære foreiningsaktivitetar. Ordninga er altså særleg retta mot medlemsaktivitetar som skjer på regelmessig basis gjennom året. Aktiviteten må vere tilgjengeleg for alle. Prioritert målgruppe er born og ungdom.   
 
Kven kan søke? 

  • Frivillige lag, foreiningar og organisasjonar heimehøyrande i Åseral kommune, som tilbyr foreiningsaktivitetar lokalt i Åseral.  
  • Det er ei forutsetning at laget, organisasjonen eller foreininga skal vere registrert i kommunens foreiningsportal (aseral.foreningsportal.no) 
  • Nystarta foreiningar kan søke oppstartstilskot på kr. 3 000. 
  • Lag og foreiningar som har fleire undergrupper, skal sende inn ein felles søknad (og sjølv fordele tildelte midlar internt) 
     
    Kven kan ikkje søke? 
  • Lag og foreiningar som får andre faste tilskot av kommunen 
  • Velforeiningar, bygg- og anlegg, kommersielle tiltak, politiske organisasjonar, skuleklassar, barnehage, konfirmantgrupper samt foreiningar som har til oppgåve å ivareta medlemma sine yrkesmessige og økonomiske interesser.  

    Kva må med i søknaden? 
  • Namn på søker, organisasjonsnummer, adresse, kontaktperson, kontonummer, telefon og epost. Digitalt søknadsskjema på kommunen sin nettside skal nyttast. 
  • Kort presentasjon av aktiviteten/aktivitetane 
  • Aktivitetsplan (Liste over gjennomførte og planlagde aktivitetar inneverande år) 
  • Medlemsliste med fødselsår/alder 
     
    Korleis blir tilskotet fordelt? 
    Grunnstønad per godkjent søknad på kr. 2000,- 
    Resterande midlar fordelast på tal aktivitetspoeng berekna ut frå: 
  • 1 poeng per aktive medlem, 4 poeng ekstra per medlem under 20 år 
  • 4 poeng per aktivitet i eigen regi/delregi 

    Søknadsfrist 
    Søknadsfristen er 1. november kvart år. Søknader som kjem inn etter fristen vil ikkje bli handsama.   

    Eining for kultur er ansvarleg for innstilling til HOL (hovudutval for oppvekst og levekår), som i sin tur fattar vedtak.  
     

Retningslinjer vedteke av hovudutval for oppvekst og levekår 23.04.2024

Kulturtilskot

Kven kan søke? 

  • Frivillige lag, foreiningar, privatpersonar og organisasjonar tilknytt Åseral 
  • Dersom søkjar er ei lokal foreining som og får tildelt driftstilskot er det ei forutsetning for tildeling at søknaden gjeld eit særskilt tiltak som skil seg klart ut frå foreininga si ordinære verksemd.  
     
    Kven kan ikkje søke? 
  • Lag og foreiningar som får andre faste tilskot av kommunen 
     
    Kva må med i søknaden? 
  • Namn på søker, organisasjonsnummer, adresse, kontaktperson, kontonummer, telefon og epost.
  • Digitalt søknadsskjema på kommunen sin nettside skal nyttast. 
  • Detaljert redegjørelse for planlagt tiltak med tilhøyrande finansieringsplan 
     
    Ein kan gje prosjektstøtte til for eksempel 
  • Utgivelser av litteratur/musikk/film med lokal forankring/interesse 
  • Spesielle investeringar (eksempel musikkinstrument, utstyr, drakt/uniform) 
  • Arrangering av kurs (eksempel bunadskurs, matkurs, dansekurs) 
  • Andre prosjekt  
  • Ein kan søke om opp til kr 10 000 per prosjekt
     
    Søknadsfrist 
    Søknadsfristen er 1. november kvart år. Søknader som kjem inn etter fristen vil ikkje bli handsama.   

    Eining for kultur er ansvarleg for innstilling til HOL (hovudutval for oppvekst og levekår), som i sin tur fattar vedtak.  

 

Retningslinjer vedteke av hovudutval for oppvekst og levekår 23.04.2024