Vedtektene ble vedtatt av Åseral kommunestyre sak 99/0001

Endra av Oppvekst og kultur utvalet sak 01/0005, sak 04/0026, sak 06/00128, sak 09/23,

sak 11/20, sak 13/4, sak 16/26.

Endra av Hovudutvalet for oppvekst og levekår sak 17/116, sak 18/22, sak 11/23

Gjerast gjeldane frå 15.08.2023

 

§ 1

 

EIGARFORHOLD OG DRIFT

Åseral kommune eig og driv Åseral barnehage. Barnehagen skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar, Rammeplanen for barnehagar, dei av departementets til ein kvar tid gjeldande forskrifter og retningsliner, samt kommunale vedtak. Barnehagen fylgjer kommunen sitt internkontrollsystem.

 

Hovudutval for oppvekst og levekår (HOL) er kommunen sitt politiske organ for barnehagesaker. Einingsleiar i barnehage har det administrative ansvaret for barnehagen.

 

Det utarbeidast årsplan for barnehagen. Årsplanen skal godkjennast av samarbeidsutvalet. Dei einskilde avdelingane lagar utviklingsplanar/periodeplanar som beskriv mål og innhald for arbeidet på avdelingane.

           

§ 2

 

FØREMÅL

Lov om barnehagar, §1,  fyrste ledd, definera føremålet slik:

”Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene.” (barnehageloven § 1, 1. ledd)

 

§ 3

 

OPPTAK

Hovudopptak skjer kvart år med søknadsfrist 1.mars. Alle barn som fyller eitt år innan utgangen av august det året det blir søkt barnehageplass har, etter søknad, rett til barnehageplass frå august ved start av nytt barnehageår. (jfr. endring i barnehagelova 1.01.2009, § 12 a)

Barn som fyller eitt år i september, oktober eller november det året det søkjast om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå den månaden barnet fyller eitt år i samsvar med barnehagelova med forskrifter. (jfr. endringar i barnehagelova 2016 og 2017, § 12 a)

 

Dersom det blir søkt etter fristen 1. mars eller barnet fyller eitt år 1. desember eller seinare gjeld retten til barnehageplass frå neste års hovudopptak. Når alle med rett har fått plass, tildelast ledige plassar etter gjeldande opptakskriteriar.

 

Søknad skal sendast i oppvekstportalen www.oppvekstportalen.no  innan 1.mars.

Søknadar som kjem etter fristen blir vurdert ved suppleringsopptak jamfør lov om barnehagar med forskrifter.

 

Opptaksmyndigheit er rådgjevar oppvekst og einingsleiar i barnehagen i samarbeid.

 

 

§ 3.1    Opptakskrins

Åseral kommune har ein opptakskrins.

 

§ 3.2    Opptakskriteria

  • Barn med nedsett funksjonsnivå. Sjå lov om barnehagar §18. Dokumentasjon: Sakkyndig vurdering frå PP-tenesta
  • Barn som det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenesta §§4-12 og 4-4 andre ledd og fjerde ledd. Dokumentasjon: Sakkyndig vurdering av barnevernstenesta eller etter pålegg frå Fylkesnemnda.
  • Barn som fyller 1 år før 1. september det året dei søker plass har rett på barnehageplass (barnehagelova § 16)
  • Barn som fyller 1 år i september, oktober og november har rett på barnehageplass frå den månaden dei fyller eitt år (barnehagelova § 16)
  • Barn som ikkje kjem inn under prioriterte kriteria tildelast plass etter alder. Dei eldste barna tildelast plass først.
  • Barn med utsett skulestart

 

I særskilte høve (t.d integrering av funksjonshemma barn) kan opptaksmyndigheita vedta å setje ned barnetalet i dei einskilde gruppene.

 

§ 3.3    Opptaksperiode og oppseiing

Eit barnehageår tek til 15. august og varar til 14.august neste år.

Brev om tildelt barnehageplass sendes søkar etter opptaksmøte i mars månad. Vedtekter er tilgjengelege på kommunen sine heimesider.

 

Opptaket gjeld frå opptakstidspunkt til og med 14. august det året barnet fyller 6 år.

 

Ved flytting til annan kommune mistar ein plassen, men den kan behaldast ut inneverande halvår.

 

Foreldra har ein månads oppseiingsfrist for barn som har fått plass i barnehagen, same frist gjeld betaling. Oppseiing vert rekna frå den 1. i påfølgjande månad. Dei som seier opp etter 30. mars, må betale ut juni månad. Oppseiinga må leverast digitalt i oppvekstportalen. www.oppvekstportan.no under min side. Det betalast for heile oppseiingsperioden sjølv om foreldra tek barnet ut og eit anna barn begynner.

 

Skulle det oppstå endra forhold etter at det er sagt ja til barnehageplassen, må plassen seiast opp eller meldes endra seinast 1.juni. Er dette ikkje gjort må det betalast for heile august månad.

 

Ved fleire uregelmessige frammøte av barnet, kan opptaksmyndigheita seia opp plassen til barnet med ein månads oppseiingsfrist. Ved eventuell misleghald av betaling, vil opptaksmyndigheita avgjere om det er grunnlag for vidare opphald i barnehagen. Det kan bli aktuelt at kommunen må seia opp barnehageplassen.

 

 

 

§ 4

 

BARNS OG FORELDRES MEDVERKNAD

For å sikre samarbeid med barna sin heim, skal kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval, jfr. Barnehagelova § 4 m/merknadar.

 

Barns medverknad

Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglege verksemd.

Barn skal jamleg få moglegheit til aktiv deltaking i planlegging og vurdering av barnehagens verksemd.

Barnets synspunkt skal tilleggas vekt i samsvar med barnets alder og modenskap.

Jfr. Barnehagelova § 3

 

Foreldrerådet består av foreldre/føresette til alle barna i barnehagen.

 

Samarbeidsutvalet består av foreldre/føresette, tilsette i barnehagen og representant frå eigarsida. Representanten frå eigar sida fylgjer kommunestyreperioden. Representantane frå foreldre/føresette og tilsette blir valt for to år. Utvalet skal ha like mange representantar frå kvar gruppe. Samarbeidsutvalet konstituerer seg sjølv. Einingsleiar for barnehage møter med tale – og forslags rett og er sekretær for utvalet.

  • 2 representantar valt av foreldrerådet med vara
  • 2 representant valt av dei tilsette med vara
  • 2 representant valt av kommunen med vara

 

§ 5

 

OPNINGSTID

Barnehageåret vert rekna frå 15. august til 14. august året etter. Barnehagen har heilårsopent. Men alle barn må kvart år ha 4 vekers ferie, 3 veker må takast samanhengande om sommaren. Barnehagen har stengt veke 29 og 30, barna må ha ferie 1 veke før eller 1 veke etter denne perioden, slik at dei totalt har fri 3 veker samanhengande om sommaren. Den 4. ferieveka kan takast saman med sommarferien, eller på eit anna tidspunkt i løpet av barnehageåret. Det må vere 4 barn pr. dag i feriar for at barnehagen skal vere open. Dette gjeld juleferie, påskeferie og sommarferie. Sommarferien reknast i perioden medio juni til medio august. Det skal meldast frå til foreldra om eventuell stenging i samband med oppsett av ferieplan. Spørsmål om sommarferie blir sendt ut i god tid, slik at personalet sin ferie kan samordnast med barna sin ferie.

 

Barnehagen har stengt jole- og nyttårsaftan. Onsdag før skjærtorsdag stenger barnehagen kl. 12.00.

 

Barnehagen har 5 planleggingsdagar i året. Desse dagane er barnehagen stengt.

 

Åseral barnehage er open måndag til fredag 9 timar og 45 minutt kvar dag (06.45 – 16.30). Barnet kan vere i barnehagen 9 timar pr. dag, jamfør vedtak i kommunestyret 28.06.18. Barnet må ha barnehageplass minimum to dagar pr. veke i barnehagen, opphaldstida ein betalar for er 9 timar pr. dag sjølv om ein vel å bruke mindre timar pr. dag. Det er mogeleg med turnusplass slik at barnet går ulike dagar kvar veke, berre dei har to dagar kvar veke som minimum.

 

§ 6

 

RETT TIL GRUNNGJEVING

Søker som ikkje får ønske oppfylt når det søkast barnehageplass, kan krevje ei skriftleg grunngjeving for kvifor barnet ikkje har fått ønska plass. Ved supplerande opptak kan berre søkar til barnehagen med lovfesta rett til prioritet krevje slik grunngjeving dersom ein ikkje tilbyr plass.

 

§ 7

 

KLAGERETT

Ved hovudopptak kan søkar klage på avslag om søknad om barnehageplass. Ved supplerande opptak kan berre søkarar til barnehagen med lovfesta rett til prioritet etter barnehagelova § 18 klage dersom dei ikkje blir tilbydd plass.

 

Klagen framsetes skriftleg til kommunen. Får ein medhald i klagen, får barnet barnehageplass eller står på venteliste og blir tilbydt plass så raskt som mogeleg. Får ein avslag på klagen, er kommunen si klagenemnd siste klageinstans.  

 

§ 8

 

FORELDREBETALING

Opphald

Kommunen fastsett sats for foreldrebetaling ut i frå statlege reglar for makspris. Foreldrebetaling betalast for 11 månader i året. Manglande betaling kan føre til oppseiing av barnehageplassen. Ved opptak av barn i barnehageåret reknar ein full månadsbetaling ved opptak før den 15. i kvar månad, og halv månadsbetaling ved opptak f.o.m. den 15. og seinare i kvar månad.

 

Det blir gitt 30 % søskenmoderasjon for barn nr. 2. For det 3. barnet og eventuelt fleire barn, har Stortinget vedtatt gratis barnehageplass frå hausten 2023.

 

Det kan bli gitt fråtrekk i betaling ei veke knytt til jul (det må utgjere ei samanhengande kalenderveke) og ei veke knytt til påske dersom dei melder frå skriftleg til barnehagen. Dette kan kome som tillegg til dei 4 vekene med ferie som barna må ha kvart år. Juli er betalingsfri månad.

 

Ferien blir trekt frå for kvar heile veke barnet har fri. (3 veker samanhengande sommarferie knytt til veke 29 og 30 som barnehagen er stengt, pluss ei veke i løpet av barnehageåret, totalt 4 veker pr. barnehageår)  Dersom barnehagen er stengt enkeltdagar i ferien grunna for få barn, er det ikkje fråtrekk i betaling dersom ikkje barnet har fri heile den aktuelle veka.

 

Ein får ikkje frådrag i betaling for enkeltdagar t.d. sjukdom.

 

Barnehagen sel dagar i tillegg til fast opphaldstid. Det er ikkje mogeleg å byte planleggingsdag med anna barnehagedag dersom planleggingsdagen fell på barnet sin ordinære barnehagedag. Dette gjeld også for heilagdagar som fell på barnehagedagar.

 

Rekning for opphald i barnehagen blir sendt ei gong pr. månad. Juli er betalingsfri månad, denne månaden gjeld trekk for ferie.

 

Åseral kommune har rutinar for søknad om redusert foreldrebetaling. Søknad sendast til Åseral kommune ved rådgjever oppvekst.

 

Kost

Det er gratis kost i barnehagen frå 1. januar 2023.

 

 

 

§ 9

 

LEIKE OG OPPHALDSAREAL

Åseral kommune fylgjer departementets rettleiande norm for barns leike og opphaldsareal: Netto leike og opphaldsareal inne i barnehagen er minimum 4 kvm. pr. barn over 3 år og 5,3 kvm. for barn under 3 år. Uteområdet skal vere om lag 6 gonger større enn netto leike og opphaldsareal inne.

 

 

 

§ 10

 

FORSIKRING

Barna er dekka av kollektiv ulykkesforsikring for opphald og reise til/frå barnehagen. Ytinga er den same som for skulebarn.

 

§ 11

 

HELSE

Barna

Etter lov om barnehagar, § 50, skal helseattest frå lege/erklæring frå foreldre føreligge før barnet kan starta i barnehagen.

Personalet

Er pliktige til å gjennomgå tuberkulosekontroll jamfør gjeldande regelverk.

 

§ 12

 

 

POLITIATTEST

Etter lov om barnehagar § 30, må alle som arbeider og oppheld seg regelmessig i barnehagen legge fram tilfredsstillande politiattest før dei tek til i arbeid.

 

 

 

 

§ 13

 

TEIE- OG OPPLYSNINGSPLIKT

Medlemmane i Hovudutval for oppvekst og levekår (HOL), barnehagens samarbeidsutval samt barnehagens personale skal fylgje Lov om barnehagars § 44 om teieplikt.

Barnehagepersonalet er også forplikta på: Opplysningsplikt til sosialtenesta, og § 45 Opplysningsplikt til barnevernstenesta § 46

 

 

Vedtekter og vedtektsendringar

Vedtektene for Åseral barnehage er revidert i Hovudutval for oppvekst og levekår (HOL) i sak 11/23. Vedtektene trer i kraft 15.08.23. Kommunedirektør kan gjere mindre endringar i vedtektene mot melding til HOL.