Søke barnehageplass

Søknad og tildeling av barnehageplassar føregjeng elektronisk via oppvekstportalen.

Barn som har plass, er sikra denne fram til skulestart eller så lenge foreldra/føresette ønskjer det, viss betaling for plass innfris og barnet bur i kommunen.

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 1. mars. for hovudopptakets plassar som blir ledige frå august. Du kan søkje om plass heile året. Dersom det er ledig plass er det suppleringsopptak gjennom året.


Krav til søkjer

Du kan søkje om barnehageplass utan at barnet bur i kommunen, men barnet må ha bustadsadresse i kommunen ved oppstartdato.
Du må ha personnummer til deg sjølv og barnet, samt e-postadresse og mobilnummer. Ta kontakt med kommunen om du venter på å få personnummer.


Hovudopptaket

Barn må vere fylt eit år innan utgongen av november
Barn har rett til plass frå den månaden dei fyljer 1 år.
Føresette må ha søkt om barnehageplass innan 1. mars 

Kun barn med lovfesta rett til plass er garantert eit tilbod i hovudopptaket, og retten er innfridd når du mottek tilbod om plass i ein barnehage i bustadkommunen. Andre barn vil få tilbod dersom det er ledig plass. Hovudopptaket avsluttast når alle søkjare med lovfesta rett til plass har fått eit tilbod. Har du barn fødd i september, oktober eller november kan du ønskje oppstart før barnet er eit år, men har ikkje rett på plass før den månaden barnet fyljer eit år.

Endre opphaldstid

Har du allereie plass men ønskjer å endre talet på dagar barnet skal gå i barnehagen må dette søkast om. Dette gjer du via oppvekstportalen ; logg inn og gå til Min side for å leggje inn endringsønskjer.

Auking av plass kan skje fortløpande gjennom heile året ved ledig kapasitet.

Permisjon

Du kan søkje om permisjon frå barnehagen i inntil eit kalenderår. Du søker i oppvekstportalen same stad som du søker barnehageplass til barnehagen. Einingsleiar i barnehagen vurderer søknaden og fattar endeleg vedtak.

Oppstart etter avslutta permisjon er ved ledig plass i barnehagen. Ved permisjon som avviker frå barnehageåret, kan det bety at det ikkje er ledig plass ved avslutta permisjon. Plass kan dermed tilbys både ein periode før og etter dato for avslutta permisjon.

Dersom du får innvilga permisjon betaler du ikkje for plassen i permisjonsperioden.

 

Grunnlag for permisjon i barnehagen

Dersom ein av foreldra har foreldrepermisjon. 

I spesielle tilfellar som til dømes alvorleg sjukdom hos barnet, føresette sin beordring i jobb, og liknande.

Oppseiing

Du seier opp dagens barnehageplass via oppvekstportalen på nett. 

Har du kommunal barnehageplass må du sende oppseiing dersom du

  • Flyttar frå kommunen
  • Ikkje ønskjer vidare barnehageplass

I  barnehagen er det ein månads oppseiingsfrist, rekna frå den 1. i påfølgande månad. Reglane for oppseiing gjeld frå foreldre eller føresette har tatt imot plassen. 

30. mars er fristen for oppsigelse som gjelder barnehageplass i perioden 1.april til 14.august gjeldene barnehageår, jamfør vedtekter. (Dei som seier opp etter 30. mars, må betale ut juni månad. – tekst frå vedtektene).

Oppseiing ved skulestart går automatisk.

Vel du å sei opp barnehageplassen før oppstart, gjeld vanlege reglar for oppseiingsfrist og betaling sjølv om du ikkje har teke i bruk plassen.

Svar på søknaden

Vi sendar ut svar til elektronisk postkasse. Dersom du ikkje har elektronisk postkasse, blir svaret sendt til postadressen du har registrert i søknaden. 

 

Tilbod om plass i hovudopptaket

  • Dei fyrste tilbodne (den fyrste opptaksrunden) sendast ut medio mars.

  • Etter kvar opptaksrunde blir det nye ledige plassar fordi nokre takker nei til tilbod, eller seier opp plassen sin. Desse plassane tilbys søkjare i neste opptaksrunde.

 

Tilbod om plass i supplerande opptak

Plassar som blir ledige utanom hovudopptaket tildeles fortløpande til aktuelle søkjare. Vi kan ikkje sei kor lang tid det vil ta før du får tilbod om plass. Ventetida er avhengig av når det blir ledige plassar i barnehagen.

 

Frist for å svare

Svarar du ikkje innan fristen, kan du risikere å miste plassen.

 

Dersom du takkar ja til tilbod om plass

  • Lovfesta rett til plass i hovudopptaket er oppfylt når du får tilbod om plass i kommunen sin barnehage.

 

Dersom du takkar nei til tilbod om plass

  • Takker du nei til tilbod om plass i hovudopptaket, kan du risikere å måtte vente til neste hovudopptak for å få eit nytt tilbod, fordi få plasser blir ledige utanom hovudopptaket.

  • Dersom du allereie har barnehageplass mistar du ikkje denne plassen dersom du takker nei til nytt tilbod.

 

Klage på tilbod om plass

Du kan klage ved hovudopptaket dersom du meinar det er begått ei saksbehandlingsfeil. Klagefristen er tri veker etter du mottok vedtaket. 

Dersom kommunen imøtekjem klagen skal du tilbys fyrste ledige plass etter at barn med lovfestet rett til prioritet er tilbudt plass. Dersom du ikkje får medhold i klagen, går saka vidare til klagenemda i kommunen.