Ynskjer du å ha folkemusikk på eit arrangement du skal stelle i stand? Då er ordninga “Honorarfond til folkemusikk” for deg! Fondet kan dekke delar av honoraret når ein arrangør bruker folkemusikarar med lokal tilknyting til arrangement. Dette gjeld både privatpersonar, bedrifter og lag/foreiningar. Føremålet er å gjere folkemusikken kjent og høyrt, og å stimulere til aktivitet blant folkemusikkutøvarar, ikkje minst dei unge.
 
Denne kvelden blir det informasjon om ordninga og konsert med Kirsten Bråten Berg og Daniel Sandén-Warg. Velkomen!
 
Gratis inngong