Ein skogbruksplan inneheld ei oversikt over ressursane i skogen din og råd om korleis eigedommen bør drivast best mogleg med omsyn til økonomi og miljø i eit langsiktig perspektiv. 

Planane er baserte på laserskanning, flyfotografering av skogen og marksynfaring. 

Skogbruksplan er skogeigar sitt ansvar, og skogeigar kan sjølv ta avgjerda om innhaldet i og omfanget av skogbruksplanen slik at han er tilpassa behovet til den enkelte, jf. §6 i Forskrift om tilskudd til skogbruksplanlegging med miljøregistreringer

I dag blir skogbruksplan også presentert som ei digital løysing, og skogeigar vil då alltid ha oppdatert informasjon om skogeigedommen sin på PC, nettbrett og mobil.

 

Kvifor ha ein skogbruksplan?

Du som skogeigar treng ein skogbruksplan for å ha oversikt over aldersfordeling og volum i skogen din. Planen er eit godt verktøy til drift av eigedommen. Det blir enklare for deg å senda dokumentasjon når du skal søkja tilskot til planting og ungskogpleie. Her er fleire grunnar:

  • Gir oversikt over areal og skogressursar på eigedommen
  • Du får miljøsertifisert eigedommen din. Dette gir moglegheit for sal av tømmer
  • Du får kart på papir og digitalt
  • Ein skogbruksplan gir grunnlag for å forvalta eigen skog på best moglege måte. Godt verktøy for å planleggja både planting, rydding, tynning, vegar og hogst
  • Det blir gitt moglegheiter for å oppdatera planen etter utført hogst, ungskogpleie og planting
  • Moglegheit for å framskriva ressursane i skogen
  • Grunnlag for betre rettleiing frå skogbruksleiar, kommunen og andre rettleiarar
  • Grunnlag for skogeigarsamarbeid, til dømes til skogbruksvegar

 

Kva er miljøregistrering?

Miljøregistrering i skog (MiS) er ein metode for kartlegging av viktige miljøverdiar i skogen. For å selja tømmer, må du ha ein miljøsertifisert eigedom. Resultata blir lagde inn i skogbruksplanen.

 

Meir informasjon om tilskot til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar kan finnast på nettsida til Landbruksdirektoratet.

Skogbruksplan kan bestillast her