Nybygging og ombygging av skogbruksvegar (landbruksvegar) er søknadspliktig og skal vera godkjent av kommunen før dei blir bygde. Dette er for å sikra at omsynet til miljø, landskap, kulturminne, friluftsliv og andre ramma interesser blir varetekne. Når vegbygginga er ferdig skal vegane ferdiggodkjennast av kommunen innan fastsett frist.

Det er, per februar 2024, komme ei presisering frå Landbruks- og matdepartementet (LMD) og Landbruksdirektoratet (LDiR). Det er ikkje mogleg å søkja om å få behandla og evt. godkjent ein veg som allereie er ferdig bygd etter Forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksveier. Det er da berre mogleg å søkja om å få den behandla og evt. godkjent etter reglane i Plan- og bygningsloven

Bygging av nye og ombygging av eldre landbruksvegar er heimla i Skogbrukslova og Jordlova, og blir behandla gjennom Forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksveier.

 

Best mogleg utnytting

Under planlegginga av nye vegar skal ein sjå det området som terrengmessig blir avgrensa som eit skogsdriftområde som ein heilskap, og vegane i dette området blir planlagt som ei heilskapsløysing på tvers av eigedomsgrenser for å utnytta skog- og utmarksinteressene på ein best mogleg måte. Landbruksvegar skal planleggjast, byggjast og godkjennast etter normalar for landbruksvegar gitt ut av Landbruksdepartementet. 

 

Meir informasjon og søknadsskjema for å søkje om bygging av landbruksvegar kan finnast på nettsida til Landbruksdirektoratet.

Du vil også finne mykje god informasjon på Skogkurs.no

Normaler for landbruksveier (2016).pdf

 

Søknaden skal sendast den eller dei kommunane der veganlegget er lokalisert. Naboar og rettshavarar skal varslast om søknaden. 

Søknaden blir behandla av kommunen. Statsforvaltaren i Agder er klageinstans.

 

Kommunalt tilskot

I Åseral kommune blir det gitt kommunalt tilskot til landbruksvegar. For meir informasjon sjå kommunen sine Reglar for kommunale tilskot i landbruket_2024_Åseral kommune.pdf