Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Nyhetsarkiv

Verdas vatndag - 22. mars

I Åseral blei dagen markert på skulen. Tilsette innan drikkevatn hadde saman med kommuneoverlege Ann-Margret Haaland eit opplegg med 5 klassetrinn på skulen. Informasjon om vatn, filtering av vatn og prøvesmaking stod på programmet. Prøvesmakinga med blindtest viste at det kommunale vatnet er best. Best i test blei vatnet frå Eikerapen. Kjøpevatnet kom dårlegast ut i test. 

Prøvesmaking

Snart byrjar arbeid med utbetring av Juvassdammen

Å Energi melder at TT Anlegg planlegge anleggsstart med tilrigging frå måndag 29. april. Ein del av tilrigging vil vere å avgrense anleggsområdet for å halde uvedkommende borte.

Deretter vil det gradvis bli meir anleggsaktivitet og anleggstrafikk på vegen.

Bilete av Juvassdammen

Vil du bli meddommar?

Åseral kommune skal våren 2024 velje nye meddommarar for perioden 2025 – 2028. Valutvalet i kommunen oppfordrar allmenta til å foreslå aktuelle kandidatar. Frist 15. april.

Bilete av ei klubbe

Har du hugsa å søke om ferdigattest?

Når du er ferdig med eit søknadspliktig tiltak, må du søke om ferdigattest. Dette gjelder mellom anna nye bygg, tilbygg og innlegging av VA. 
Kommunen ser at det spesielt ved søknad om innlegging av VA er mange som ikkje søker om ferdigattest. 

Illustrasjonsfoto ferdigattest[1]

Lag- og foreiningskveld

Driv du med frivillig arbeid?
Eller har lyst du til å finne ut meir om ulike lag og foreiningar i Åseral?

Då er du hjarteleg velkomen til ei uformell samling på rådhuset i Kyrkjebygd onsdag 6/3 kl. 1800. 

Illustrasjonsfoto

Ekstra tilskot til grøfting/drenering i landbruket

Fylkestinget i Agder vedtok i desember 2024 å løyva 1 million kroner til landbruket for å auke dreneringsaktiviteten i fylket. 

I 2024 får ein 2000 kr. per dekar for systematisk grøfting, profilering og omgraving. For annan grøfting kan ein få 30 kr. per løpemeter grøft avgrensa opp til 2000 kr. per dekar. Tilskotet er meint som eit supplement til den statlege ordninga som gjev 4000 kr. per dekar eller 61 kr. per løpemeter avgrensa opp til 4000 kr. per dekar. 

Illustrasjonsbilete frå dreneringsarbeid