Kven kan søke:
- Skogeigarar i Åseral med minimum 10 dekar produktiv skog.
Kva kan det søkast om tilskott til:
- Det kan gjevast tilskott til tynningshogst, lukka hogst og småflatehogst opp til 10 Dekar
- Tilsagn om tilskott gis for innmeldt kvantum mellom 15 og 100 m3.
Kor mykje skal den kommunale støtta utgjera:
- Det blir gitt tilskott til manuell hogst med kr 100 pr m3.
- Ein skogeigar kan ikkje søke om tilskott for meir enn 100 m3 per år.
Andre føresetnader:
- Manuell hogst føresett at hogsten vert utført med motorsag.
- Berre virke som blir omsett gjennom godkjente tømmeromsetterar kjem inn under ordninga.
- Tilskottet blir utbetalt ut frå innmålt tømmer i henhold til virkesavrekning, inntil innmeldt kvantum. Dersom innmålt kvantum blir mindre enn 15 kubikkmeter, blir det ikkje utbetala tilskott.
Utbetaling skjer etter avslutta drift.
Korleis søkje:
- Elektronisk søknadsskjema finn du her!
- Anmoding om utbetaling av tilskot finn du her! (Utbetaling skjer etter avslutta drift)