KULTURPRIS 2024

Føremål med kulturprisen er å heidre einskildpersonar eller organisasjonar som har utmerka seg enten med stor innsats i det lokale idretts- og kulturliv, eller som har utmerka seg kvalitetsmessig som utøvar og såleis er ein viktig ambassadør for Åseral kommune.

Kulturprisen 2024 går til ein viktig tradisjonsberar. Ein dyktig ambassadør og formidlar av den lokale folkemusikken og Åseral.

Ho gjekk i Åseral sin første kommunale musikkskule og lærde folketonar, og har representert og formidla folkemusikktradisjonen i Åseral i fleire samanhengar. Alt frå å representere Åseral i UKM i med gruppa «kor vi du» til ho i 2012 song i Kilden under opningskonserten «Folkeleg kraft» framfor ein fullsett konsertsal. Hausten 2023 stod ho igjen på scena i Kilden. Denne gongen bergtok ho publikum i salen m.a. med ei framifrå soloframføring av mellomalderballaden Rosensfole. Lokalt har ho kveda og sunge mykje på ulike tilstellingar, og i samband med gudstenester og kyrkjelege arrangement har ho gjennom åra formidla dei gamle salmane på ein framifrå måte. 

Kari vidarefører ein tradisjon som er særeigen for Åseral med røter mange generasjonar bakover i tid. Og ho er sjølv i denne rekka.
Både Liestøl og Røynlid- slekta har kjende namn i folkemusikk og songtradisjonsmiljøet. Ikkje minst grandtanta Ingebjørg Liestøl, som var ein av tidlegare Vest-Agder sine rikaste, mest brukte og kjende kjelder innan vokal folkemusikk. 

Kari har og gjeve ut plata "Den store stuten" med folkemusikk saman med Mari Ormberg. 
Åseral kommune er no blitt med i satsinga til heile Setesdalsregionen på dei UNESCO-lista elementa song, dans og spel, kvar kommune med tradisjonane sine. I dette samarbeidet er Kari den fremste til å bidra inn i fellessatsinga. Med henne får satsinga den tyngda ho fortener for Åseral også.

Kari er oppteken av kulturminne, og har mellom anna spela ei viktig rolle i arbeidet med kulturminneplanen for Åseral og vore sentral i arbeidet med filmklippa «Månadens kulturminne».

Det er viktig å ta vare på eigen kulturarv. Og det er godt at vi i Åseral har ein ressursperson som deg Kari, som bidreg til å halde denne i hevd. Du er den som primært både tek vare på og som formidlar Åseral sine sterke vokale folkemusikktradisjonar, både i kommunen og langt utover det lokale.

Du Kari Røynlid er ein bauta i kulturlivet her i Åseral, og det er derfor med rette at du blir heidra med Åseral kommune sin kulturpris 2024.

 

KULTURSTIPEND 2024 

Føremål med kulturstipendet er å medverke til å stimulere kunstnarisk eller sportsleg talentutvikling og aktivitet. Stipendet skal oppmuntre einskildpersonar frå Åseral kommune som har valt å satse innan områda kunst, kultur og idrett, eller som på annan måte representerer eit potensiale for kommunen

Årets stipend vert tildelt ein som dei siste åra har utvikla seg som ein habil smed og musikar. Han har eiga snikkerbod med smie der han lagar diverse ting som ovnsraker, kniver og kroker, og ikkje minst munnharper som han har fått stor interesse for og spelar på.
Han er med på marknadar der han sel eigenproduserte varer frå snekkerboden og får vist fram ferdighetene sine. 
Han deltek også på ulike kulturarrangement med munnharpespel og er no med som ein av tre lokale utøvarar frå Åseral i Setesdalsregionen si tilskotsordning Honorarfond for folkemusikk – ei ordning som fremmer satsing på folkemusikk i regionen og stimulerer til aktivitet blant folkemusikkutøvarar, ikkje minst dei unge. Han er ein flink og positiv gut, og representerar kommunen på ein fin måte.

Årets kulturstipend går til Emil Orthe!