Føremål
Føremålet med honorarfondet er å gjere folkemusikken i Setesdal kjent og høyrt, og å stimulere til aktivitet blant folkemusikkutøvarar, ikkje minst dei unge. Fondet kan dekke delar av honoraret når ein arrangør bruker folkemusikarar med lokal tilknyting til arrangement i Bykle, Valle, Bygland, Åseral, Evje og Hornnes kommunar. Ved bruk av unge utøvarar, kan fondet dekke heile honoraret. Det er Valle Sparebank, Bykle, Valle, Bygland, Åseral og Evje og Hornnes kommunar som finansierer fondet, og Setesdal Spelemannslag administrerer det.
Kven kan søke om tilskot?
Alle arrangørar - lag, foreiningar, bedrifter eller privatpersonar - med tilskipingar i Bykle, Valle, Bygland, Åseral og Evje og Hornnes kommunar, kan søkje om tilskot frå fondet. Ordninga gjeld ikkje for offentlege institusjonar. Kvar arrangør kan søkje om tilskot maks. 5 gongar pr. år.
Honorarfondet kan støtte arrangement av dei fleste slag, anten det dreier seg om kulturinnslag ved konferansar, bedriftssamlingar, representasjonsoppdrag, opningsfestar, jubileum, ”runde dagar”, private tilskipingar eller anna.
Retningsliner for tildeling
Setesdal Spelemannslag administrerer fondet, og definerer kva for utøvarar som kjem inn under ordninga. Satsar for tilskot til honorar:
• 12–15 år full dekning inntil kr 1 500 per utøvar
• 16–18 år full dekning inntil kr 2 500 per utøvar
• Andre utøvarar dekning 2/3 av utgiftene inntil kr 4 000 per utøvar
• Gruppe over 4 personar dekning 1/3 av utgiftene inntil kr 12 000 per gruppe
Søknad om tildeling
NB! Maks 5 søknader per arrangør.
Ved utbetaling av tilskot må du sende inn bankutskrift på at honorar er betalt eller annan stadfesting på mottatt honorar, og oppgi kontonummer.
Søknad om tilskot frå fondet sendast direkte til Honorarfond til folkemusikk ved leiar i Setesdals spelemannslag via dette skjema.
Søknader blir handsama fortløpande, og tildeling skjer dersom søknaden tilfredsstiller retningslinene, og så lenge det er midlar på fondet.
Lurer du på noko kan du kontakte Setesdal Spelemannslag for meir informasjon om ordninga, på post@setesdalspelemannslag.no, tlf. +47 908 22 871.