Under eining for kultur ligg folkebibliotek, Minne kultursenter, ungdomsklubb, kulturskule og kulturkonsulent. 

Minne kultursenter

Kulturtilbodet i Åseral er godt og variert. Det er jamn aktivitet med blant anna bygdekino, bibliotek, konsertar, utstillingar, kulturmønstring og meir. I tillegg er det mykje aktivitet i regi av lag og foreningar. Sommaren 2010 blei Minne Åseral kulursenter opna. Senteret skal vise Åserals kulturarv og kulturliv, og det rommer bygdemuseum, galleri, turistinformasjon, kafé og ikkje minst ein flott eplehage der ein kan nyte utekonsertar.


Dagleg leiar Minne kultursenter:
Tor Reidar Austrud

Adresse: Gardsvegen 68, 4540 Åseral
Besøksadresse: Minne kultursenter, Ljoslandsvegen 9, 4540 Åseral
E-post: tor.reidar.austrud@aseral.kommune.no
Telefon: 38 28 58 62 / Mobil: 928 44 735


Kulturkonsulent: Vakant
Adresse: Gardsvegen 68, 4540 Åseral
Besøksadresse: Minne kultursenter, Ljoslandsvegen 9, 4540 Åseral
E-post: 
Telefon: 38 28 58 00 / Mobil: 

Åseral folkebibliotek

I tillegg til bøker, kan du låne filmar, musikk, ljodbøker, magasin, tidsskrift og gamle avisutklypp. Viss me ikkje har dei bøkene du måtte ynskje å låne, kan du låne dei inn frå andre bibliotek via fjernlån. Biblioteket har PC med internett til disposisjon. Åseral folkebibliotek er plassert på Minne kultursenter, mens skulebiblioteket er på skulen. Biblioteket samarbeidar tett med biblioteka i Audnedal, Marnardal og Hægebostad, kalla MÅHA-samarbeidet. 

Biblioteksjef: Tove Larsen
Adresse: Gardsvegen 68, 4540 Åseral
Besøksadresse: Ljoslandsvegen 9, 4540 Åseral
E-post: tove.larsen@aseral.kommune.no
Telefon: 415 25 726

Åseral ungdomsklubb

Ungdomsklubbleiar: Vibeke Sandåker
Adresse: Gardsvegen 68, 4540 Åseral
E-post: vibeke.sandaker@me.com
Telefon: 38 28 58 00 / Mobil: 47 26 87 30