Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Nyhetsarkiv

Influensa og koronavaksine

Det blir ope for influensa- og koronavaksinering torsdag 7. november og onsdag 13. november i opningstida til legekontoret. Det er ikkje naudsynt å tinge time.  

Dersom nokon ynskjer å berre setje influensavaksine kan dei koma alle andre dagar i opningstida til legekontoret. Influensavaksine kostar kr. 200,-. Koronavaksine er gratis. 

Sprøytestikk i arme

Eigenberedskap for betalingar

Betalingssystema i Noreg er sikre og effektive. Like fullt kan digitale angrep, menneskelege feil eller straumbrot gjere at du ikkje får til å betale for varene du ønskjer å kjøpe i butikken. Norges bank anbefaler difor alle å ha fleire betalingsalternativ. 

Les meir: Eigenberedskap for betalingar | Sikkerhverdag

Bilete som illustrerer kortterminal

Tilskot til kulturformål

Åseral kommune har tilskotsordning for tilskot til kulturformål. Ein kan søke om to forskjellige tilskot: driftstilskot og kulturtilskot. 
Det er kvart år kr 100.000,- til fordeling.

Illustrasjonsbilde tilskot til kulturformål

Kvinnespranget 2024

Agder fylkeskommune ønsker å invitere kvinner i Setesdal til kveldskonferansen Kvinnespranget 2024 i Setesdal torsdag 28.november. Arrangementet er gratis.

 

Det blir en inspirerende samling av og for kvinner, med nydelig middag, spennende innlegg og interessante samtaler. Programmets innhold er utviklet i samarbeid med Rita Hansen, leder av Setesdal interkommunale politiske råd.

 

Lenke til arrangementet på Facebook

Lenke til arrangementet på LinkedIn

 

Håper å se mange flotte Setesdalskvinner denne kvelden!

Logo kvinnespranget 2024

Klassequizen 2024

I dag, 22. oktober, har 10. klasse ved Åseral barne- og ungdomskule besøk frå NRK for opptak til Klassequizen. Me ønskjer deltakarane lykke til!

Klassequizen Agder

Kven bør få Setesdalsprisen 2024?

Prisen kan gå til eigar/leiar/privat verksemd i kommunane Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornes og i Åseral. Innmeldingsfrist tysdag 28. oktober kl. 12:00.

Logo Setesdal IPR

TV-aksjonen 2024 "Sammen for små helter"

Tusen hjarteleg takk til alle innbyggjarar i Åseral kommune, og alle andre som har vore med å bidrege til årets TV-aksjon Barnekreftforeningen, som fekk tittelen «Sammen for små helter». 

Spesielt takk til alle frivillige bøsseberarar. Det kom inn 42.489,- i kontantar i bøssene, Vipps kjem i tillegg.

Me vil også takke Åseral Barne- og Ungdomsskule som arrangerte basar og samla inn kr. 3.464, og Åseral Sokn som hadde offer til inntekt for TV-aksjonen og samla inn kr. 4.288.  

Vi kom på ein 4. plass i fylket med kr. 126,42 pr. innbyggjar. Totalt innsamla kr. 116.690. 

Dette er KJEMPEBRA!!

https://www.giverstafett.no/

TV aksjon skuleelevar2