Norske styresmakter anbefaler at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølve i ei veke. Dette fordi kommunane og naudetatane må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise. I løpet av veke 44 får alle husstandar ein brosjyre i posten med oppdaterte råd om eigenberedskap. Ta vare på brosjyren.
Les meir på DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) si heimeside!